To gongar Sindre, og Michael avgjorde!
Då mange sleit med å finne netttmaskene på Nordøy stadion, dukka Sindre Longva opp to gongar for HaNo. Men det stod 2-2 til det nesten var over – så dukka Michael Austnes opp og fekk siste ordet. Fortent og viktig siger for HaNo som fekk hauststarten dei håpa på.
Nordøy stadion, 5. divisjon:
HaNo- Norborg2 3-2 (1-2)
0-1 Per Kristian Stavik (3)
1-1 Sindre Longva (20)
1-2 Amund Terøy (24)
2-2 Sindre Longva (68)
3-2 Michael Austnes (89)
Dommar: Odd Even Svindseth – God kontroll på kampen.
Dagens HaNo-spelar: Odd Einar Molnes

HaNo gjekk dermed forbi oransjetrøyene på tabellen, og er likt med Ellingsøy. Kjekt når formstiginga i vår kan halde fram, og vi ser sjølvsagt no berre oppover på tabellen :)

Kanonskåring
Norborg2 pangopna med brødrene Stavik som fiksa 0-1. HaNo hang så absolutt godt med, og Odd Einar Molnes og Audun Steen var mellom andre frampå med ein dobbelsjanse. Sindre Longva varma også opp målvakt Hånde, før han sjølv utlikna på glitrande vis. Innlegget frå Kristian Kalvøy var prima vare, knallhardt inn, og Longva er nask framfor kassa og dunkar i mål. Men straks etter glepp det igjen defensivt, og Norborg2 er effektive. Amund Terøy tar bortelaget i føringa igjen.

Sindre igjen - og Michael avgjer!
2.omgangen hadde HaNo spelemessig overtak, medan Norborg2 kontra farleg. Sindre Longva og Håkon Haram på kantane var eit uromoment for heimelaget, og igjen var det Sindre som skulle levere varene. Avslutninga frå 14 meter er sikker, og utlikninga mana til vidare innsats for sigersmålet. Ove Otterlei, og Molnes igjen, hadde store sjansar til heimeleiing, men heimejubelen let vente på seg. I mellomtida avslutta Stian Myklebust, men Pål Forr Austnes i HaNo-buret fekk ei hand på ballen og med stolpen til hjelp blei det ingen baklengs i andre omgang. Michael Austnes blei flytta fram som fjerde angripar rett før slutt. Det gav, som så ofte før, det resultatet at han fekk ballen i mål.

Brattvåg2 neste
HaNo skiftar noko av materiellet sitt no etter sommarferien. Joakim Austnes, Vegard Halkjelsvik og Demir Haram reiser vekk, medan sommarvikarane Audun Steen, Vebjørn Steen og Ove Oetterlei nok ikkje blir fleire kampar på i haust. Men vi har folk i bakhand som til dømes Olve Steen, Robin Haram og Lars Petter Haram som ikkje kunne stille i dag. Vi har for første gong på nokre haustar eit ok antall å rutte med likevel, så haustsesongen skal bli bra den! No er det trening måndag, før eit nytt andrelag står på hin banehalvdelen. Brattvåg førstkomande onsdag.

HaNo:
Pål Forr Austnes
Kristian Kalvøy
Per Kristian Klokk
Michael Austnes
Demir Haram
Odd Einar Molnes
Vegard Halkjelsvik
Audun Steen
Håkon Inge Haram
Ove Otterlei
Sindre Longva

Nytta innbyttarar:
Kenneth Ulla, Per Olav Sunde.

12/08-11
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: