Høg faktor på HaNo-dagane
Nordøyhallen viser seg å vere ein glimrande arena for HaNo-dagane. Første dag er over, og vi har hatt over 50 standar i drift, variert meny reint matmessig, politikardebatt og øyfaktor. Damelaget slo også til, og vann 5-2 over Bergsøy. I morgon er det ny dag!
Messa er søndag open kl 11:30 til kl 17:00. I tillegg til alle butikkar og standar som er til stades også då, kan vi nemne at vi får besøk av UL Fram, som viser utdrag frå Trollmannen frå Oz. Herrelaget møter Lepsøy til knokkel-lokaloppgjer kl 14:45.

Vi kjem tilbake med fleire bilete etter helga. Medan du ventar får du nokre smakebitar i bilete frå laurdagen.

03/09-11
Av: Odd Einar Molnes






Stor hall, men den blei fyllt opp med mykje!


LHL og Odd Grande skaffa ein hjartestartar til Nordøyhallen og HaNo FK. Den skal høyre til våre to øyar. Per Olav Vedeld tok i mot.


Sybell og Lidvar Rogne lagar ein smakfull og meeget oppegåande rett, som mellom anna inneheld nokon fabelaktige klippfiskkaker.


Silje Vindsnes Haram (med ball) og Martha Kjerstad snudde 0-1 til 5-2 siger over Bergsøy. Meir om kampen kjem nok seinare her på hanofk.no



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: