Tap mot Skodje - men godkjent andreomgang
Topplaget Skodje blei for sterke for HaNo. 5-0 til pause fortel om stor heimedominans den omgangen. Andre omgang langt betre for HaNo, som kom seg til nokre sjansar, mellom anna på straffe. Meir kjem
Skodje kunstgras, 5. divisjon:
Skodje-HaNo 7-0 (5-0)
Mål Skodje: Eivind Erstad 6, Emil Slettedal.
Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal IL.

Før avspark markerte laga, dommar og publikum den tragiske båtulykka ved Lepsøyrevet med eitt minutts stillheit. To av dei omkomne er frå øyane, og 17 år gamle Holger Løkka som også mista livet, var målvakt på Emblem sitt 5. divisjonslag. Han var skulekamerat eller bekjent både av Skodje og HaNo sine spelarar.

Skodje passerte 100 skåra seriemål mot oss måndag kveld. Dei er eit godt spelande lag, og varierer i måten dei angrip på. Sjølv om HaNo ved Odd Einar Molnes, og eit par gongar ved Håkon Haram, kom til frå skrått hald, var det heimelaget det handla om. HaNo greidde ikkje å demme opp for divisjonens toppskårar Eivind Erstad, som likegodt skåra fire den første omgangen, og ei målgjevande til den femte.

Straffemiss
Andre omgang skal likevel HaNo vere bekjent av. Femmaren på midtbana stengte meir rom og var meir aggressive. Dette hjelpte forsvaret, der dirigent Kenneth Ulla styrte eit lag som stod fram som eit langt betre mannskap enn dei første 45 minutta. På stillinga 5-0 braut HaNo høgt oppe, Håkon spelte fri Odd Einar som blei haldt att i feltet. Dessverre berga heimemålvakta Lars Petter Haram sitt forsøk frå 11-meteren.

Erstad 42 seriemål
I staden er det heimelaget som får nettkjenningar også etter pause. Eivind Erstad høyrer heime eit par-tre divisjonar lenger oppe, og sørga for to nye mål på slutten. Skodje stiller med mange servitørar til toppskåraren, som har bøtta inn heile 42 mål på 18 kampar. Skodje møter Norborg og Brattvåg sine andrelag, og spelar garantert playoff i slutten av månaden. Motstandarar blir etter alle solemerke Åram/VanKam og Hessa/SIF om å kome seg til 4. divisjon. HaNo serieavsluttar fredag 14. oktober borte mot fjerdeplasserte og formsterke Emblem.

HaNo:
Pål Forr Austnes
Kristian Kalvøy
Michael Austnes
Robin V Haram
Demir Haram
Håkon Haram
Sindre Longva
Odd Einar Molnes
Lars Petter Haram
Mads Uri
Kenneth Ulla

Nytta innbyttarar: Olve Steen, Per Olav Sunde, Mert Haram og Thomas Flem.



04/10-11
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra :
Kretsmesterane imponerte.
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen


Hovudsponsorer: