Herrelaget avslutta med tap
HaNo sitt herrelag tapte 4-2 mot Emblem i årets siste seriekamp fredag kveld. Sindre Longva og Odd Einar Molnes sørga for HaNo sine mål som begge kom i 2 omgong.
Emblem-HaNo 4-2 (2-0)
Mål HaNo: Sindre Longva og Odd Einar Molnes
HaNo:
Pål Forr Austnes, Kristian Kalvøy, Per Kristian Klokk, Michael Austnes, Olve Steen, Håkon Haram, Lars Petter Haram, Odd Einar Molnes, Vebjørn Steen, Ove Otterlei, Sindre Longva
*** Pål Forr Austnes
** Michael Austnes
* Per Kristian Klokk

Det var ei spesiell ramme rundt årets siste kamp for HaNo og Emblem. Emblem sin keeper Holger Løkka var ein av dei omkomne i båtulykka på øyane nyleg og dette vart markert med eit minutt stillheit før kampen. HaNo sin kaptein Lars Petter Haram overleverte også ein blomsterbukett til Emblem for å vise si medkjensle på vegne av HaNo FK.

Etter ein litt famlande start frå begge lag var det Emblem som etter kvart skapte dei største sjansane. Dei rulla opp fleire gode angrep på si venstre side og etter 15 minutt fekk dei uttelling på eit flott volleyskudd frå 16 meter. HaNo fekk etter kvart justert litt i forsvarsleddet og klarte etter kvart også å skape eit par gode sjansar. Først vart Ove spelt igjennom av Håkon Haram men avslutninga gjekk like over mål. Like etter er Per Kristian oppe på ein dødball og får plutselig ballen i beina på bakerste stolpe. Avslutninga var dessverre av ”stoppar” kvalitet, og gjekk langt utanfor mål. Etter 30 minutt kontrar Emblem inn 2-0 etter ein strålande prestasjon av ein Emblemspelar som gjekk frå eigen banehalvdel og avslutta for med eit fint skot bak keeper Pål. Her var HaNo meget passive som lot Emblemspeleraren få springe gjennom halva bana aleine. Laga gjekk til pause med 2-0.

10 minutter ut i 2 omgong vendar Sindre fint opp utanfor Emblem sin 16 metar og er plutseleg aleine med keeper. Sindre gjer ingen feil og HaNo har redusert og laga ny spenning i kampen. Men etter 5 minutter får Emblem igjen tid og rom utanfor vår 16 meter og legg ballen enkelt i hjørnet bak Pål. Like etter er veteran Yngve Steffensen oppe på ein corner og stangar inn 4-1 til Emblem. Da virker kampen kjørt for HaNo og Emblem kontrollerar det meste. HaNo er likevel ikkje heilt ufarlege og rett før slutt skyt Lars Petter ein ball som går i handa på ein forsvarar og kampens dommar Arild Vegsund peikar på straffemerket. Odd Einar er sikkerheita sjølv på straffe og vi har redusert til 4-2. Dette blir det siste som skjer i kampen og Emblem vinn fortjent.

HaNo har dermed fullført årets sesong i 5 divisjon. Slik det ser ut no så endar vi på 9 plass med 17 poeng. Resultata har vore svært ujamne i år noko som skyldast ein ung spelarstall og ein god del utskiftingar frå fjoråret. Neste år blir det 6 divisjon for oss å kanskje er dette ein betre arena for HaNo slik spelarsituasjonen er no. Mange av 16-17 åringane har tatt store steg denne sesongen og med ein god treningsvinter i Nordøyhallen vil dei være med å prege HaNo i enda større grad neste sesong. Trenarkabalen er nesten på plass no og planlegginga av neste sesong er allereie i gong. Vi gler oss!!

14/10-11
Av: Lars Åkre







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: