Ekstraordinært årsmøte- verv ikkje på plass for 2012
Leiar, nestleiar og økonomiansvarleg er pr dato ikkje på plass for 2012. Alle andre verv er på plass, kom det fram frå valnemnda under årsmøtet no i desember. Det vil seie at det blir ekstraordinært årsmøte 12. januar.
Valnemnda med Andreas Sylte og Jarl Inge Haram har jobba godt i haust. Det er mange verv i klubben vår, og nesten alle er på plass. Folk er positive til å stille opp, men igjen tar det noko tid før dei såkalla tyngste verva er på plass.

Så dersom du føler du kan gjere ein jobb for HaNo i styreposisjon, for å utvikle ein klubb i vekst og utvikling, er det berre å takke ja når Andreas eller Jarl Inge tar kontakt !

Ekstraordinært årsmøte i HaNo
Torsdag 12. januar kl 19 på Haramsøy skule.
Sakliste:
1. Godkjenning av innkalling og sakliste
2. Val av ordstyrar og to personar til underskriving av protokollen.
3. Val 2012

22/12-11
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: