Kjekt besøk frå Spjelkavik
I helga har Spjelkavik sitt G12 - lag hatt treningshelg i Nordøyhallen. - Terningkast 7, var ein av spelarane si oppsummering av helga.
Sjå meir på Spjelkavik si side:
http://idrett.speaker.no/organisation.asp?orgelementid=55991
Heile 25 spelarar og 8 vaksne tok turen til Nordøyhallen frå Spjelkavika laurdag. Først var det trening, og så var det kamp. HaNo stilte med 2 lag, slik at 2 kampar kunne spelast samtidig.
På kjøkkenet vart det laga mat som vart fortært i det splitter nye allrommet vårt.

Søndag vart det trening før det var to nye kampar mot HaNo.
Det var ein kjekk gjeng å ha på besøk, og dei ga også uttrykk for at opphaldet i Nordøyhallen ga meirsmak. Vi takkar for denne gongen, og ynskjer dei velkomne tilbake!!

05/02-12
Av: Kenneth Ulla



















5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: