Uavgjort mot Herd
J16 Herd – HaNo 3-3 (2-2).
Ein ganske jamn kamp på ei grei kunstgrasbane. Spennande og jamn kamp med fleire gode angrep begge vegar. HaNo hadde mange sjansar mot slutten, men greidde dessverre ikkje og setje dei inn. Målscorarar HaNo: Cecilie Olsen (2) og Kamilla Standal.

HaNo, som tapte mot Herd på heimebane, var innstilt på å vise at dei kunne betre. Dei starta bra, og Cecilie Olsen fekk satt inn det første målet. Jentene haldt nullen ei lang periode, men så fekk Herd hol på byllen, og stillinga vart med eitt 2-1 til Herd. No fekk HaNo-jentene blod på tann, og sette inn eit gir til. Dei pressa godt på, og hadde fleire sjansar. Mot slutten av første omgong, fekk vi ei straffe som Cecilie Olsen trygt satt i mål. Dermed gjekk vi nøgde til pause med 2-2.

Andre omgangen starta litt dårleg for HaNo, dette utnytta Herd og fekk satt inn eit mål til. Herd var no i leiinga, og HaNo jobba hardt for å ta igjen. Med fleire gode angrep og skot rett over eller utanfor fekk Kamilla Standal endeleg ballen i føtene, finta seg forbi nokre Herd spelarar og sette ballen i nota. 3-3. HaNo hadde kontrollen resten av kampen, men dei fekk dessverre ikkje sett inn fleire av sjansane. Alt i alt er vi nøgde med kampen!

01/10-10
Av: Ane Forr Austnes







5 siste nyheter fra J16:
J16 Harøy - HaNo/Lepsøy 5-4 (1-1)
J16-siger over Vartdal
J16-siger over Vartdal
INNLEVERING AV DRAKTER
Tap mot Hessa


Hovudsponsorer: