J16-siger over Vartdal
Med 6-0 til pause var kampen vel kampen nesten køyrt, rapporterer trenar Hallgeir Remme. Jentene vann til slutt 7-2. - Innsats og vilje var veldig bra i dag, oppsummerer Remme.
HaNo/Lepsøy - Vartdal 7-2 (6-0)

HaNo/Lepsøy:

Hanna Sylte - Eli Rogne – Malene Seth – Solveig Aksnes – Cecilie Kalvøy – Amalie Haram – Marianne Vollan Ulla – Natalie Vindsnes – Charlotte Farstad – Ida Davik – Iselin Høgstøyl – Kamilla Standal

Mål:
1-0 Cecilie Kalvøy
2-0 Kamilla Standal
3-0 Cecilie Kalvøy
4-0 Kamilla Standal
5-0 Marianne Vollan Ulla
6-0 Marianne Vollan Ulla
7-0 Marianne Vollan Ulla
7-1 Vartdal
7-2 Vartdal

J16 opna kampen bra og etter berre 10 min trilla ballen i mål etter litt klabb og babb i feltet. Cecilie Kalvøy hadde siste tåa på ballen. Jentene (som ikkje akkurat er vande til å leie ein kamp) greidde heldigvis å halde hovudet kaldt og spelte fantastisk bra. Vartdal hadde nokre småsjansar med blant anna eit skot i tverra, men HaNo/Lepsøy haldt standen med ei god Hanna Sylte i mål.

Etter 23 min sette Kamilla Standal ballen i nota etter bra samspel med medspelar Cecilie K. Desse to haldt også spelet oppe og i det 30 min fekk begge to scora eit mål og stillinga var 4-0 til HaNo/Lepsøy. Jentene slapp aldri Vartdal inn i kampen og hadde stålkontroll.

Marianne Vollan Ulla spelte sin første kamp som spiss i går, og gjennomførte med glans. Kvar gong ho skulle ut på bana kom det: ”Jammen, ej kan ikkje ditta ej! Ej veit ikkje ka ej skal gjer!” Like etter ho hadde kome inn sette ho ballen i nota, og berre 6 min etterpå gjorde ho det igjen.

Etter pause kom Vartdal litt meir med i kampen, men HaNo/Lepsøy haldt framleis stand. Berre 2 min ut i andre omgong skaut Marianne ca frå midtbana og dermed vart stillinga 7-0. Då svarte Vartdal og fekk satt inn eit mål. Vidare var det fleire sjansar begge vegar, sjølv om H/L stort sett hadde kontrollen. Likevel fekk Vartdal satt inn sitt mål nr. 2 i det 69. min.

H/ L-keeper, Hanna Sylte, stod veldig bra i mål. Var ute og tok ballen samtidig som ho redda fleire skot. Resten av gjengen spelte truleg ein av sine beste kampar til no! Kjempestas og vere trener for denne gjengen!

24/05-11
Av: Ane Forr Austnes






Her er heile gjengen frå avslutninga vår i fjor.



5 siste nyheter fra J16:
J16 Harøy - HaNo/Lepsøy 5-4 (1-1)
J16-siger over Vartdal
J16-siger over Vartdal
INNLEVERING AV DRAKTER
Tap mot Hessa


Hovudsponsorer: