G8 bydde opp til dans!
Gutar8-laget gjorde ein kjempeinnsats under søndagens turnering i Brattvågen. Og som vi skal sjå på eit bilete, dei bydde også opp til dans mot sine naborivalar!
13 spennklare gutar kom i stemning allereie på ferja på søndag. Då var det prøving av nye drakter. Julianne sørga for at dei lyseblå var klare til dyst på Brattvåg IL si kunstgrasbane.

Og for ein innsats! Dei gjorde det glimrande i alle tre oppgjera sine, og gleda over både mange skåra mål og sigrar var store. Skribenten let seg likevel mest imponere over bevegelse og løpskraft hos dei lyseblå. Her har trenarane gjort ein framifrå jobb!

Etter to kjempekampar var det eit anna høgdepunkt: Kioskpause. Men heller ikkje etter den var det sløve HaNo-takter. Det lukta svidd i den svarte kunstgrasgummien etter HaNo-spelarane!

16/05-11
Av: Odd Einar Molnes






Nicholas og Oliver i midten byr opp til dans. Eller er dei berre så synkroniserte i avslutningane på mål...? :)















5 siste nyheter fra G8:
Laurdag 24 mai. var G8 på fotballfestival på Hundeidvik.
G8 bydde opp til dans!
Kjekk turnering for J8
Full fres på G8-turnering!
Ekstra HaNo - lag


Hovudsponsorer: