Trippelturnering i Nordøyhallen!
Takk til alle foreldre som stilte opp og hjalp til på kort varsel då vi gjennomførte trippelturnering i Nordøyhallen søndag 17.juni.
Mykje folk, mykje fotball og mykje action gjorde at det vart ein kjekk dag i hallen!
Det vart ein kjekk fotballdag på Haramsøya søndag då 18 lag møttast for å spele kampar.
HaNo FK arrangerte turneringar for tre ulike aldersgrupper samtidig, noko som førte til litt ferjetrøbbel, ein Nordøyhall med mykje liv og røre, og mykje fin fotball.


Lag frå Harøy, Ravn, Brattvåg og Skodje tok turen utover søndag. Då bilferja Os berre tek 147 passasjerar, så vart det dessverre litt forsinkelsar for nokre av spelarane som måtte stå att til neste ferje. Mange som fekk kjenne på nødvendigheita av Nordøyvegen då. Heldigvis var alle sporty og tok endringar i kampoppsettet på strak arm!

Heile 27 kampar fordelt på fire baner vart spelt på tre og ein halv time. Her gjaldt det å ha tunga beint i munnen for både lagleiarar og spelarar.

Ros til spelarane på alle lag for flott innsats og godt humør gjennom heile turneringa!

Alle foto: Frode Ravnestad


17/06-12
Av: Kenneth Ulla






HaNo og Ravn j8 møttast til kamp to gongar.


God innsats for HaNo og Skodje j10!


HaNo spelar mot Skodje i jente 10-avdelinga.


Kven vinn denne duellen tru? Gute 9-kamp der HaNo spelar mot Harøy.


Kvar er ballen?!


Ein litan pep-talk i pausa for HaNo sine j8-spelarar.


Det var mykje publikum for å sjå kampar i dag. Det var kjekt!


Ravn spelar mot Skodje i gute 9-avdelinga.



5 siste nyheter fra J8:
Trippelturnering i Nordøyhallen!
Kjekk HaNo - cup
HaNo - cup på laurdag
J8 på Brattvågtur
Flott innsats av J8!


Hovudsponsorer: