Flott innsats av J8!
Søndag arrangerte HaNo heimeturnering for J8. 8 lag spelte sine kampar på Nordøy stadion i strålande ver. Og innsatsen var super!
J8 er heile 15 spelarar, noko som er dei aller fleste jentene i 1. og 2. klasse på desse to øyane. Søndag fekk vi stille med to lag, i kampar mot Stordal, Ravn, Ørskog og Brattvåg. Mykje speletid på kvar med andre ord.

Vi fekk også ta i bruk dei nye 5-ar måla, som er heilt supre til desse årsklassene. Sjølv om vi er både 7 og 8 åringar på laget, ja faktisk klart mest 7-åringar, heng vi godt med i kampar mot lag som har berre 8-åringar med. Og jentene våre vert flinkare for kvar økt vi har.
Og det viktigaste av alt; smilet er stort sett på plass heile tida, og jentene har det kjekt på både trening og turnering.
Her er nokre bilder frå turneringa:

22/06-11
Av: Kenneth Ulla




















































5 siste nyheter fra J8:
Trippelturnering i Nordøyhallen!
Kjekk HaNo - cup
HaNo - cup på laurdag
J8 på Brattvågtur
Flott innsats av J8!


Hovudsponsorer: