Damelaget med ny triumf!
Herd-HaNo 0-1. Cecilie Kalvøy skåra kampens einaste mål etter 29 minutt mot Herd søndag. Dermed er HaNo framleis serieleiar i 7-arserien, med 12 poeng på sine fire kampar! - Lagsiger, oppsummerer trenar Remme.
Herd-HaNo 0-1 (0-1)
Mål HaNo: Cecile Kalvøy (29)

Dei 10 HaNo-jentene kjempa hardt i ein jamn kamp mot Herd. Det var høg kvalitet i kampen, to jamngode lag der HaNo trakk det lengste strået.

- Cecilie K. skåra i nærmaste vinkel frå litt skrått hald, fortel Hallgeir Remme til hanofk.no på telefon direkte frå Brusdalen søndag ettermiddag. Han held fram: - Herd hadde også sine sjansar, men ikkje så store og farlege som våre. Men det er først og fremst forsvarsspelet vi skal framheve i dag. Bakerst var Hanna Sylte trygg og god, seier trenar Remme, som meiner at å halde nullen mot Herd er godt gjort.

Neste kamp søndag spelar jentene heime mot Hareid kl 1415 på Nordøy stadion. – Så då er det berre å utsetje fårikålet, og kome å sjå på serieleiaren, avsluttar Remme, om laget som har vunne alle sine fire haustkampar.

09/09-12
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: