Siger i åpningskampen.
HaNo sitt damelag åpna årets serie på best mogleg måte då dei slo Valder sitt damelag på bortebane tirsdag .
HaNo: Siri, Nathalie, Trude, Kamilla, Judith, Solveig, Lise F, Sonja og Veronica N.

Kampen åpna ganske jamnt med eit lite overtak til HaNo på flotte Valdervoll stadion, og etter 22 minutt måtte Valder sin keeper i aksjon då det kom farlege skot frå først Solveig og so Judith. Keeperen redda fint.

Det var ein veldig sjenerande og kald vind med ei ubestemmeleg retning på bana. Det var faktisk slik at den bles mot midten av bana frå begge sider. Valderøyfenomen.

Etter 24 tek HaNo leiinga. Lise Tomren Fjørtoft spelar Solveig Aksnes fint fri på høgresida nært mål. Ho spelar so ballen kontrollert til Veronica Norvoll Longva som nettar sikkert. 1-0 til HaNo.

2-0 kjem berre to minutt seinare etter corner. Det blir først ein del klabb og babb i feltet før ballen rullar ut til Lise som set den kontrollert i mål.

I denne perioden har HaNo full kontroll på kampen, og Valder skal vere glad for at det ikkje blir fleire mål.

I staden er det Valder som reduserer med eit fit skot rett før pause.

I starten av andre omgang finn HaNo roa med ballen, og har eit markant overtak i kampen. Etter 13 minutt starter Kamilla Standal sitt målshow. Først vinn ho ballen frå Valderforsvaret, og åleine med keeper er ho sikker. 3-1 til HaNo.

Vi må nemne Sonja sitt skot frå sidelinja midt på Valder sin halvdel som keeper so vidt greier å tuppe over mål.

Kampens finaste mål kjem i det 85 minutt. Lise raider frå midtbana, ut på høgrekanten og heilt ned til dølinja før ho legg inn til Kamilla som scorer sikkert. Flott mål.

Kamilla fullfører sitt ekte hat-trick med eit fint skot i det 88 minutt. Sluttresultat 5-1 til HaNo.

Dette var ein veldig fortent siger til våre damer mot eit ungt og urutinert Valder lag, som hadde ein del bra spelarar.


22/04-14
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: