Storsiger til damelaget.
Damelaget til HaNo køyrde over Hareid, og ga seg ikkje før det stod 10-0 i Nordøyhallen søndag.
Storsiger og tabelltopp.

Resultatet taler i grunn for seg sjølv, men det var eit veldig opplagt HaNo damelag som møtte Hareid i Nordøyhallen sist søndag.

Hareid la seg ganske defensivt frå start, og eit velspelande HaNo, med kaptein Lise Fjørtoft i spissen, lot dei omtrent aldri kome ut. Det var total HaNo dominans frå start til mål, og HaNo gav seg ikkje før det sto 10-0 i boka til kampens gode domar, Kenneth Ulla. Dei få angrepa som kom frå Hareid tok eit godt forsvar og vikarkeeper Lena Otterlei seg greit av

Ved pause var stillinga 4-0 til HaNo. og damene ga seg ikkje før det sto 10-0.

Eit stort pluss var jentespelar Kamilla Standal som vart kampens toppscorer med sine 3 flotte mål.

Målscorarar:

Kamilla Standal (3)
Lise Fjørtoft (2)
Anna Marøy Austnes (2)
Cecilie Kalvøy (2)
Judith Malen Vestavik (1)

HaNo toppar då tabellen, og neste kamp er borte mot tabelltoar Gursken førstkomande laurdag.

17/09-12
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: