HaNo med grei siger
HaNo dominerte 1. omgang, og kunne leia med meir enn 2-0. Etter pause kom Stranda meir med, men sigeren var aldri trua.
3. div kvinner

HaNo – Stranda 2-0 (2-0)
Nordøy stadion
Ca 50 tilskodarar

1-0 Lise Tomren (5)
2-0 Elisabeth Longva (32)

Dommar : Arild Steinsbu, Aafk

Dagens HaNo-spelar: Lise Tomren

Stjerner HaNo:
*** Lise Tomren
** Elisabeth Longva
* Kari Longva

HaNo dominerte 1. omgang, og kunne leia med meir enn 2-0. Etter pause kom Stranda meir med, men sigeren var aldri trua.

-Eg er godt fornøgd med laget sa 80-årsjubilant Leif Uri etter kampen. Han fekk velfortent gåve frå HaNo , overrekt av HaNo – kaptein Britt Tove Vedeld i pausa. Han takka for HaNo – dressen over speakeranlegget. – Dette var ei fantastisk nydeleg gåve, sa Leif. Eg elskar HaNo, og eg brenn verkeleg for klubben med heile meg.

Etter kampen oppsummerte Leif kampen på denne måten: - I første omgang spelte vi godt. Etter pause mista vi ballen for ofte med ein motspelar i ryggen. Men vi vinn fortent, sa den spreke 80-åringen.

Og oppsummeringa er presis. HaNo fekk ein knallstart på kampen då Lise Tomren sette inn 1-0 etter berre 5 minutt. Spelemessig var det ein god 1. omgang av HaNo. Med ei godt opplagt Lise Tomren på midtbana som ballfordelar, spelte HaNo fin fotball. Tempoet var godt, varmen tatt i betraktning. Stranda var berre sporadisk på besøk på HaNo sin banehalvdel. Men sjølv om HaNo var spelemessig overlegne, vart det skapt få klare målsjansar. 2-0 kom etter ei lang avklaring frå eige forsvar. Elisabeth Longva sette fart, sprang gjennom forsvaret og sette ballen i mål.

Ga frå seg initiativ
Etter pause slapp Stranda meir til. HaNo var litt meir upresis i pasningane, og Stranda kom til med nokre angrep. Men det var heile tida HaNo som var det førande laget. Marita Longva sette også ballen i mål, men korrekt annulert for offside. Positivt for HaNo å halde nullen. Spelemessig var det også mykje positivt. Neste steg vert å skape fleire klare målsjansar.




27/06-08
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: