1000 damekampar for HaNo
Før kampen mot Spjelkavik på laurdag, fekk kvartetten Trude Haram, Lise Tomren Fjørtoft, Britt Tove Vedeld Molnes og Elisabeth Longva blomar for totalt 1000 kampar for HaNo. Eit imponerande tal med tanke på at damene spelar ein god del færre kampar pr år enn herrane.


HaNo – Spjelkavik 1-3 (1-1)
Nordøy stadion
20 tilskodarar
0-1 Gunnbjørg Svensøy
1-1 Siri Klokk Austnes
1-2 Gunnbjørg Svensøy
1-3 Gunnbjørg Svensøy
Dommar: Lars Ove Sletta, Langevåg

Stjerner HaNo:
*** Britt Tove Vedeld Molnes
** Sunniva Tomren
* Emily Smith

Kenneth Ulla

Trude Haram fekk blomar for 300 kampar for HaNo. Ho er den einaste av dei som framleis er aktive, som også var med då HaNo fekk sitt første damelag i 1991. 18 år med damefotball er det svært få som kan skilte med. Britt Tove Vedeld Molnes og Lise Tomren Fjørtoft har også lang fartstid innan damefotballen. Laurdag fekk dei blomar for 250 kampar for HaNo. Britt Tove har også eit opphald i Fortuna på sin fotball-CV. Saman med Elisabeth Longva (200) kampar, har desse 4 spelt til saman 1000 kampar i den blå drakta. Imponerande!

Tap i siste heimekamp
Kampen mot Spjelkavik vart av det jamne slaget. Men gjestane hadde målskåraren som HaNo mangla. 3 gongar brukte Gunnbjørg Svensøy sin presise høgrefot til å sette ballen i mål. Først laga ho 1-0 på eit velplassert skot frå hjørnet av 16 – meteren. Siri Klokk Austnes sørga for balanse då ho heada ein retur etter corner i mål. Etter pause sørga Svensøy for tomålsleiing. Først på ein lobb, deretter på sikkert putt etter retur. Men HaNo stod ikkje tilbake for Vika spelemessig. Vanskelege forhold med kraftig vind som kom frå alle kantar, gjorde det vanskeleg for spelarane. Men likevel var det perioder med godt spel frå begge lag.
Sjansemessig var det også jamt. Maria Ulla redda eit par store Vika – sjansar i 2. omgang, før HaNo fekk sjansen til å stele poeng på slutten. Først var det Britt Tove Vedeld Molnes som var åleine gjennom, men keeper vann duellen. På overtid heada Sunniva Tomren like utanfor etter hjørnespark, før dommar Sletta bles av årets siste heimekamp. No er det berre lokaloppgjeret mot Brattvåg som

27/09-09
Av: Kenneth Ulla






3 av dei 4 som fekk blomar før kampen laurdag. F.v. Britt Tove Vedeld Molnes (250 kampar), Trude Haram (300 kampar) og Lise Tomren Fjørtoft med Sandra på arma (250 kampar). Elisabeth Longva (200 kampar) er skada, og var ikkje til stades.



5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: