Flott sommaravslutning av damelaget!
Ein god laginnsats sørgja for 4-1 siger over Herd jr. Damene hadde masse sprut i beina trass i sterk sommarvarme på Norøy onsdag kveld. Julie Longva, Marita Longva, May Britt Longva og Trude Haram sørgja for skåringane.
HaNo-Herd jr. 4-1:
God sommaravslutning!

3.div kvinner, Nordøy stadion:
HaNo-Herd jr. 4-1 (3-0)
Mål:
1-0 Julie Longva (22)
2-0 Marita Longva (24)
3-0 May Britt Longva (29)
4-0 Trude Haram (50)
4-1 Marte Hansen (85)
Dommar: Palmar Blindheim, Blindheim.
Dagens HaNo-spelar: Lise Tomren
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Lise Tomren
2 poeng: Julie Longva
1 poeng: Marita Longva

HaNo sprang langt og mykje, jobba og sleit trass i sterk sommarvarme. Det resulterte i 4-1 siger og ei god kjensle inn i sommarferien. Formasjonane sat bra sjølv om mange nye spelarar måtte spele i uvande posisjonar.

Av Odd Einar Molnes

HaNo mangla nokre sentrale spelarar denne kampen, og då var det ekstra kjekt for trenaren og sjå at andre tok ansvar. May Britt Longva jobba igjen godt på midten, Lise Tomren sprang milevis som vanleg, og forsvaret anført av kaptein Vibeke Flem hadde god kontroll. Stopparmakker Julie Longva er i god form om dagen, og bidreg også offensivt med sine viktige dødballmål.

Avgjort på sju minutt
Julie gjorde nemlig årets fjerde seriemål 22 minutt ut i kampen som eigentleg stod og bikka. Ho nikka sikkert i mål på May Britt sin presise ”serve”. Og sju minutt seinare stod det 3-0! May Britt skaut først, og ein svært våken og engasjert Marita Longva skåra på returen. May Britt skåra sjølv til 3-0 etter at Trude Haram uegoistisk la igjen på 5 meters hald.

Roligare andre omgang
Etter pause heldt HaNo-presset fram, og igjen var Marita involvert. Ho var aktiv på høgrekanten, og denne gongen fekk Trude det servert frå Marita. På flott vis plasserte Trude ballen forbi målvakta og 4-0 var eit faktum. Vi noterte eit par Julie Longva-forsøk midt i omgangen, men det var Herd jr. som fekk ballen i mål. Fem minutt før slutt skåra Marte Hansen på eit godt frispark.

Ferie- men først Øyacup!
Alle skal ha ros for måten dei gjennomførte kampen på. To jentespelarar, og nokre ”ferievikarar” gjorde alle framifrå jobb for denne sigeren. Alle fann posisjonen sin fint, og spesielt haldning og innsats var veldig bra i dag. No ventar ein fortent sommarferie for HaNo. Men først er det tradisjonsrike Øyacup på Nordøy stadion komande helg. 6 herrelag og 6 damelag skal kjempe om heider og ære og ikkje minst ha ei flott sosial helg.

HaNo (4-3-3)
Sybell Rogne- Tone Austnes, Julie Longva, Vibeke Flem, Silje Haram- May Britt Longva, Lise Tomren, Kari Longva- Linda Kristin Haram, Trude Haram, Judith Vestavik.

Nytta innbyttarar: Marita Longva, Jill Alice Nogva, May Liss Olsen, Ane Forr Austnes, Anna Longva, Lise Longva.

02/07-08
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: