Spelarmøte for damelaget
Ei trenarløysing er på plass for damelaget til HaNo/Lepsøy. Opplegget vil verte presentert for spelarane på spelarmøte søndag 7.3 kl 11.30 på Haramsøya. Det vil også verte trening rett etter møtet. ALLE damespelarane må møte!
Etter ein del fram og tilbake, har Kenneth Ulla tatt på seg hovudtrenaransvaret for samarbeidslaget HaNo/Lepsøy. Roar Seth vert hjelptrenar. Det er berre 6 veker til seriestart, så det hastar med å kome igang.

Først og fremst er det viktig at alle kan møte på spelarmøte søndag kl 11.30 på Haramsøya. Her vil planar verte presenterte, og det vert mogeleg å kome med innspel på treningstider o.l.
Kan du ikkje møte, MÅ du gi beskjed til Kenneth på tlf 41 21 26 98.

I utgangspunktet satsar vi på treningar onsdag og fredag. Er dette dei beste dagane? Kom med innspel på søndag.

Vi satsar på å få på plass nokre treningskampar fram mot seriestarten som vert lokaloppgjer borte mot Brattvåg 21.04. det vert i det heile svært mange kampar på kunstgras denne sesongen. 6 av dei 9 vi skal møte laga har KGB som heimebane. Sunnylven står likegodt oppført med grus som heimebanearena....

Vi snakkast på søndag!

03/03-10
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: