Godkjent premiere
Damelaget til HaNo/Lepsøy spelte til godkjent i sin aller første kamp som samarbeidslag. Brattvåg vann 4-1, men HaNo/Lepsøy hang godt med i svingane.
Treningskamp kvinner
Brattvåg – HaNo/Lepsøy 4-1 (1-0, 3-0, 0-1)
Brattvåg kuntgras
1-0 Emma Jøsok (5)
2-0 Vibecke Krogsæter (37)
3-0 Vibecke Krogsæter (50)
4-0 Lise Klokk (55)
4-1 Anna Longva (70)
Dommar: Oddbjørn Hatlehol

Laget:
Maria Ulla - Emily Smith - Tone Austnes - Silje V Haram - Marta Kjerstad - Anna Longva - Ingrid Farstad - Ane Forr Austnes - Eirin Buner - Lillian Kjerstad - Nathalie Vedeld Dale
Nytta innbyttarar:
Seline Hoedemakers - Trude Haram - Anna Marøy Austnes - Linda Kristin Gjerde - Sybell Rogne - Nina Kjellstad Rogne

Det var knytt ei viss spenning til korleis det nysamansette laget HaNo/Lepsøy skulle takle sin første kamp. For fleire av spelarane var det første kampen på full bane. Og la oss ta konklusjonen med ein gong: her var det mykje positivt å bygge vidare på!

Heimelaget kom best i gang i det fine vårveret i Brattvågen. Det var tydeleg at dei var meir komfortable med underlaget en det HaNo/Lepsøy var, og dei trilla ein del ball i starten. Men store sjansar vart det ikkje. Leiarmålet kom etter corner. Det enda med mølje i feltet der Brattvåg til slutt fekk pirka ballen over linja. Utover i omgangen var det heimelaget som førte, men HaNo/Lepsøy låg fint organisert defensivt. Dei få gongane det glapp, rydda Maria Ulla fint opp.

3 kjappe
I den andre av dei 3 omgangane på 30 minutt, fekk HaNo/Lepsøy betre tak i kampen. Anført av ei god Ingrid Farstad på midten, turte gjestane å ta meir tak i ballen, og hadde fleire brukbare angrep. Men det var Brattvåg som viste effektivitet. Etter litt småslurv i HaNo/Lepsøy forsvaret, så hadde heimelaget plutseleg auka til 4-0. Bortsett frå måla i mot, var dette eit steg i rett retning spelemessig.

Anna med den første
I siste omgang var det HaNo/Lepsøy som stod for skåringa. Trude Haram vann ballen i 16-meteren. Avslutninga vart redda av keeper, men returen gjekk til Anna Longva på 20 meter. Ho sette ballen fint i lengste hjørnet, og sørga dermed for HaNo/Lepsøy sitt første mål.
Totalt sett var dette ei god gjennomkøyring for oss. Det var mange positive moment som vi skal ta med oss vidare. Og så fekk vi avdekt ein del ting som vi må pusse på i vekene fram til seriestart.
På laurdag får vi ein ny sjanse til å trene på stor bane. Då er det gutelaget som er motstandar.

05/04-10
Av: Kenneth Ulla






Oppvarming





Rett før kampstart


Helsing før kamp


Den historiske gjengen som spelte HaNo/Lepsøy sin første kamp



5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: