Tøff serieopning for damelaget
HaNo/Lepsøy sitt nykomponerte damelag fekk ein tøff start mot eit velspelande Brattvåg. Heimelaget dominerte kampen i 90 minutt, og vann klart. HaNo/Lepsøy forsvarte seg godt, men ei dårleg periode i kvar omgang gjorde at det enda med stygge siffer.
Brattvåg suverene i serieopninga

HaNo/Lepsøy sitt nykomponerte damelag fekk ein tøff start mot eit velspelande Brattvåg. Heimelaget dominerte kampen i 90 minutt, og vann klart. HaNo/Lepsøy forsvarte seg godt, men ei dårleg periode i kvar omgang gjorde at det enda med stygge siffer.


3. divisjon kvinner

Brattvåg – HaNo/Lepsøy 11-0 (4-0)
Brattvåg KGB
1-0 Vibeke Krogsæter (23)
2-0 Vibeke Krogsæter (25)
3-0 Emma Jøsok (29)
4-0 Marianne Otterlei (37)
5-0 Rita Nogva (62)
6-0 Chanielle Leine (65)
7-0 Ingrid Ulstein Fjørtoft (68)
8-0 Vibecke Krogsæter (69)
9-0 Vibecke Krogsæter (70)
10-0 Marianne Otterlei (71)
11-0 Ingrid Ulstein Fjørtoft (82)
Dommar: Arild Vegsund, Norborg

Stjerner HaNo/Lepsøy:
*** Ingrid Farstad
** Maria Ulla
* Trude Haram

Laget:(4-4-2)
Maria Ulla - Anna Longva - Sybell Rogne - Tone Austnes - Martha Kjerstad - Seline Hoedemakers - Ingrid Farstad - Trude Haram - Ane Forr Austnes - Nathalie Vedeld Dale - Lillian Kjerstad

Nytta innbyttarar: Sunniva Seth - Linda Kristin Gjerde - Silje Vindsnes Haram - Janne Solveig Kjerstad - Cecilie Kalvøy

I ein treningskamp mellom laga tidleg i april enda det med 4-1 siger til Brattvåg. Det var difor knytt spenning til om HaNo/Lepsøy kunne følge opp dette i seriestarten. Og første halvdel av kampen var godkjent pluss for øya-jentene. Laget fungerte godt defensivt, og slapp sjelden Brattvåg til sjansar. Emma Jøsok fekk kampen sin første sjanse etter 17 minutt, men ei god Maria Ulla i HaNo/Lepsøy sitt mål, redda sikkert. Etter halvspelt omgang sendte Vibecke Krogsæter heimelaget i leiinga etter eit gjennomløp. Men dette målet skulle nok vore annulert for offside. HaNo/Lepsøy vart litt passive etter dette, og Brattvåg auka til 4-0 til pause.

Velspelande heimelag
Brattvåg er nok eit av dei beste laga i divisjonen. Laget er jamt besatt, har god fysikk og gode basisferdigheiter. I perioder trilla dei ball medan HaNo/Lepsøy vart springande mellom. Likevel heldt gjestane tett i nesten 20 minutt av 2. omgang. Då kom det 9 minutt som med kollektiv kollaps. Brattvåg skåra 6 mål på desse minutta, etter at HaNo/Lepsøy fall ut av både formasjon og innstilling. Det positive for H/L var likvel at laget klarte å ta seg saman resten av kampen slik at det stoppa på 11 baklengs. Brattvåg på si side kan vere fornøgde med ein godt gjennomført kamp. Laget fungerte godt spelemessig, og var også effektive. For HaNo/Lepsøy vart det ein tøff seriestart. Laget skal likevel ta med seg dei gode periodene i kampen, og så gjeld det å lære av dei periodene der ikkje alt fungerte like bra.

21/04-10
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: