Nesten for damelaget
HaNo/Lepøsy sitt damelag tapte 1-2 heime på Lepsøy då Sunnylven var på besøk laurdag. Gjestane avgjorde kampen i sluttminutta. Referatet er henta frå lepsøy.com
Det var Sunnylven som kom best i gong i kampen mot HaNo/Lepsøy på Lepsøy stadion laurdag. Keeper Ann Kristin Farstad varta opp med fleire gode redningar i starten av kampen. Etterkvart kom HaNo/LIL godt med . Anført av eit sikkert forsvar og ein god keeper spela dei jamt med bortelaget og produserte etterkvart fleire gode sjansar. Den største hadde Lillian Kjerstad då ho freista å skyte på direkten relativt åleine frå kort hald. Kan hende ho burde gitt seg betre tid?
Begge forsvara virka å ha god kontroll, men Sunnylven sin spelar nr. 11 Kirsti F. Hauge har eit godt skot. Det gav etterkvar utteljing. Ho fekk føre ballen nokre meter før ho frå ca. 18 meter skaut eit hardt skot som Ann Kristin ikkje greidde å ta seg av. Dermed gjekk bortelaget opp i leiinga.
Ikkje lenge etter svara HaNo/LIL. Ballen hamnaa hos Lillian Kjerstad som fekk lagt inn framfor mål. Det synes som om Sunnylven hadde kontroll, men inn frå venstre kom Eirin Buner og snappa ballen og satte den tilside for Sunnylven sin keeper, ei fortent utlikning.
I starten av andre omgang pressa heimelaget og produserte fleire sjansar, men utan å få ballen i mål.
Mot slutten av kampen tok Sunnylven meir over, men utan at å skape
dei store sjansane. Det såg ut til at HaNo/LIL skulle ta sitt første poeng.
Heimelaget satsa sterkt på å få alle tre poenga. Midtsopper Tone Austnes førte an opp i angrep, men angrepet vart brote. På kontringa som kom avgjorde Sunnylven kampen. Igjen var det Kirsti F. Hauge som, åleine mot keeper, var kald og roleg og satte ballen sikkert i mål. Eit noko surt tap for heimelaget som spelte sin beste kamp for året.
Dette lovar bra for resten av sesongen.

HaNo /LIL sitt lag: Ann Kristin Farstad, Anna Longva, Tone Austnes, Silje V. Haram, Martha Kjerstad, Seline Hoedemakers, Ingrid Farstad, Ane Forr Austnes, Sunniva K. Seth, Eirin Buner, Lillian Kjerstad.

Nytta Innbyttarar: Anna Austnes, Linda Kristin Gjerde, Emily Smith, Lena Farstad og Nathalie Vedeld Dale.

Mål:
0-1 Kirsti F. Hauge (34)
1-1 Eirin Buner (38)
1-2 Kirsti F. Hauge (88)

*** Ann Kristin Farstad
** Tone Austnes
* Ingrid Farstad

08/06-10
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: