Hausten for herre- og damelaget
HaNo si ”høgtidshelg”, HaNo-dagane, er til helga med to heimekampar. hanofk.no ser litt nærmare på haustinnspurten for herre-og damelaget.
Herrelaget:

Som i 2007 har herrelaget kjempa ein hard kamp på nedste halvdel for å overleve i divisjonen. I fjor berga HaNo plassen på betre målskilnad enn Stordal. Begge hadde 14 poeng. I år er poengfangsten allereie betre, men det er framleis tett i botnstriden. Skarbøvik gjer jobben i 2. divisjon og står heilt sikkert. Vinnaren av 3. divisjon på Sunnmøre (Aafk2, Hareid eller Brattvåg?) skal kampe om Nordmøre/Romsdalvinnaren om 2.divisjonsspel. Det vil seie at i år som i fjor er det eitt eller to lag som rykker ned frå 4. divisjon.

Trepoengaren over Sunnylven måndag var velfortent og viktig, og med 18 poeng har HaNo laga Åram/Vankam (15), Vigra (12) og Gursken/Larsnes (12) bak seg. Åram/Vankam er motstandar laurdag kl 1430 under HaNo-dagane, og det er vel unødvendig å seie at også denne kampen er vesentlig i kampen for å sikra kontrakta…Mange spelarar har forsvunne i sommar, men Lars Petter og Stig Frode nyttar seg av unge spelarar som har tatt nivået på ein svært positiv måte. Lasse Buck har gjort ein god jobb som målvakt, og at ”gamlingar” som Per Jarle Fjørtoft kom med sist såg vi verdien av på slutten av kampen.

Hausten elles for herrelaget:

Norborg borte 13/9.
Vigra heime 20/9
Bergsøy borte 27/9
Herd heime 4/10
Stranda borte 11/10

Damelaget:

Damelaget har hatt ein noko tynn og sårbar tropp i heile år. Marita Longva og May Britt Longva har begge flytta til Bergen, Jill Alice Nogva til Trondheim, og sommarspelarane vi nytta oss av i juni/juli har for lengst funne sine studiereir. Dermed er det spesielt ”grese” på treningane. Mange studerer og jobbar kveld/natt, og vi mobiliserer til kvar kamp!

Tabellen viser at Guard/Fortuna2 seglar sin eigen sjø og skal spele kvalifisering om opprykk til 2. divisjon seinare i haust. Difor var det ein positiv hauststart for HaNo at laget påførte bylaget sitt hittil einaste poengtap i år (2-2). HaNo hadde som målsetting å vere mellom dei tre beste før sesongen. Ambisiøse Volda har skuffa litt, men vil kanskje vise kvalitet utover hausten? Herd og Brattvåg ligg også og knivar i kampen om andreplassen bak dei suverene leiarane frå byen.

Kampen mot Herd søndag under HaNo-dagane vil vere avgjerande for desse plasseringane. Vårkampen (4-4) var jamn, og det vil sikkert også denne bli. Dyktigheit framfor mål blir avgjerande!

Hausten elles for damelaget:

Sunnylven borte 14/9
Brattvåg heime 21/9
Stranda borte 27/9
Hødd jr. 5/10
FK Sykkylven borte 12/10

NB! Du finn tabellar og full terminliste for seniorlaga om du nyttar menyen til venstre og trykkjer på herre- eller damelaget.

03/09-08
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: