Spelemessig på høgde med Sunnylven
Spelemessig og sjansemessig var HaNo/Lepsøy hakket betre enn Sunnylven i kampen på den nye kunstgrasbana på Hellesylt. Men heimelaget var svært effektive, og vann difor 4-1.



3. div kvinner
Sunnylven – HaNo/Lepsøy 4-1 (2-0)
Hellesylt KGB
1-0 Kirsti Frøysadal Hauge (23)
2-0 ? (35)
2-1 Julie Longva (62)
3-1 Kirsti Frøysadal Hauge (82)
4-1 Kirsti Frøysadal Hauge (87)
Dommar: Kristian Melset, FK Sykkylven

Stjerner HaNo/Lepsøy:
*** Britt Tove Vedeld Molnes
** Trude Haram
* Ingrid Farstad


Sunnylven har imponert i årets 3. divisjon. Mot HaNo/Lepsøy laurdag, var det bortelaget som leverte det beste spelet. Ballen glei i perioder svært godt, og sjansane kom også. Første sjansen kom etter eit presist hjørnespark frå Lillian Kjerstad. Trude Haram stussa ballen som vart redda på streken. Returen gjekk utanfor.
Julie Longva sette ballen i mål etter 20 minutt, men vart avblåst for offside. HaNo/Lepsøy var gode i denne perioda. Forsvaret spelte sikkert og godt, og Ane Forr Austnes som vikarierte i HL – målet, tok seg greitt av dei forsøka på gjennomspel.

Frøysadal Hauge avgjorde kampen
Mot spelet sin gong, var det heimelaget som tok leiinga. Toppskorer Kirsti Frøysadal Hauge sprang gjennom og sette ballen i hjørnet. Heimelaget auka til 2-0 etter litt tafatt HL – spel i eige felt.
Etter pause fortsette kampen i same spor som før kvila. Britt Tove Vedeld Molnes var aktiv og frisk på høgrekanten. Men HL sleit med å få omsett sjansane i teljande resultat. Lillian Kjerstad hadde 2 store sjansar til å skåre, men sette ballen til side for mål. Julie Longva sørga derimot for spenning då ho var kald og sette ballen mellom beina på keeper. Men då kampen stod og bikka, var det Sunnylven sin storskårar som avgjorde. Frøysadal Hauge kom halvskada inn frå benken, og banka inn 2 mål på slutten. Dermed enda det med 4-1, eit resultat som ikkje gje ei rett bilete av korleis kampen var spelemessig. HL leverte årsbeste når det er snakk om presist angrepsspel. Defensivt var det også godkjent. Men Sunnylven hadde Frøysadal Hauge som avgjorde kampen med solid målteft.

26/09-10
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: