HaNo avgjorde pÄ slutten
Sunnylven leia 2-1 til pause i ein jamspelt omgang. Men igjen greidde HaNo Ă„ kome attende, og Elisabeth Longva stanga inn 3-2 med hovudet ikkje lenge fĂžr slutt. Fullt fortent, meinte jentene, etter ein solid andre omgang.
3. div, Sunnylven stadion:
Sunnylven- HaNo 2-3
MÄl:
1-0 Kirsti F. Hauge (14)
1-1 Linda Kristin Haram (25)
2-1 (40)
2-2 Britt Tove Vedeld (48)
2-3 Elisabeth Longva (81)
Dommar: Per Helge Liset, Stranda.
Juryens dom:
3 poeng: Sunniva Tomren
2 poeng: Linda Kristin Haram
1 poeng: Elisabeth Longva


Av Odd Einar Molnes

HaNo opna overbeisande, og Trude Haram heada rett utanfor allereie etter to minutt. Men heimelaget, som har levert ein overraskande god sesong, viste etter kvart kvifor bÄde Volda og BrattvÄg har blitt sendt heim med tap pÄ Sunnylven stadion i Är. Etter Ätte minutt kom dei Äleine gjennom, men Sybell Rogne kom ut og hindra heimeleiing. Dei skulle likevel fÄ 1-0. Den rutinerte og gode Kirsti FrÞysadal Hauge gjorde ikkje feil dÄ ho blei spelt gjennom etter 14 minutt.

Haram sitt tiande
HaNo-kollektivet reiste seg, og forsvaret greidde Ä stÞte betre, vinne duellar og kome inn i kampen. Midtbana jobba godt i lag, anfÞrt av heiltente Sunniva Tomren som spelte sin beste kamp for Äret. Ho var knalltÞff i duellspelet, og hadde konstruktive lÞysingar med ball. HaNo utlikna fortent etter 25 minutt ved Linda Kristin Haram. Hennar tiande seriemÄl kom etter at Kari Longva skaut ein susar i tverrliggaren. Returen plasserte Linda kaldt i mÄl. Rett fÞr pause skÄra likevel heimelaget til 2-1 etter hjÞrnespark.

Ny solid andreomgang
Som i sist serierunde greidde HaNo Ä skjerpe innsatsen etter pause. Utanom ved eitt hÞve der Hauge var gjennom, men blei tackla, sÄ hadde ikkje heimelaget eit einaste farleg tilbod. HaNo dominerte omgangen fullstendig. Ein turte Ä spele ball, og rulla opp mange flotte angrep. Mange resulterte i hjÞrnespark, og Britt Tove Vedeld og Tomren slo dei presist frÄ kvar si side. Allereie etter tre minutt av omgangen skrudde Vedeld ballen rett i mÄl, etter god jobbing og forstyrring av HaNo-spelarane i feltet. Trude Haram skaut i stonga etter flott Kari Longva- forabeid kvarteret fÞr slutt. Men det var pÄ hjÞrnespark det skulle avgjerast. Elisabeth Longva skÄra sikkert med hovudet ni minutt fÞr full tid, og sikra tre velfortente poeng for HaNo.

SÄrbar stall
HaNo har mange skadar om dagen, og dĂ„ er det kjekt at jentespelarane Ane Forr Austnes og Anna Longva startar kampen og gjer ein framifrĂ„ innsats! Ingrid Farstad gjorde comeback etter Ă„ ha vore ute pĂ„ reise heile sesongen. Neste oppgĂ„ve er BrattvĂ„g heime komande sĂžndag. DĂ„ er det enno fleire forfall, og ein slit faktisk med Ă„ stille lag. Men HaNo heng stadig med om andre-og tredjeplassen pĂ„ tabellen, og vil kjempe hardt for Ă„ fĂ„ ”medalje” i Ă„rets sesong.

HaNo (4-3-3):
Sybell Rogne-Anna Longva, Elisabeth Longva, Vibeke Flem, Tone Austnes- Ane Forr Austnes, Sunniva Tomren, Britt Tove Vedeld- Linda Kristin Haram, Trude Haram, Kari Longva.
Nytta innbyttarar: Ingrid Farstad, Laila Haram.

14/09-08
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
TĂžff bytur for damelaget.
Siger i Äpningskampen.
TÞff dag pÄ jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: