Damelaget i motbakke
|
Det går ikkje vegen for damelaget til HaNo/Lepsøy om dagen. I bortekampen mot Bergsøy dominerte Ha/Le dei første 39 minutta og leia 0-1. Så gjekk lyset....
|
Dei første 39 minutta av bortekampen mot Bergsøy var spelemessig oppløftande. Ballen gjekk fint mellom spelarane, og Ha/Le vann dei fleste duellane. Med unntak av skot i tverrliggaren heilt i starten, var Bergsøy ufarlege. Det var difor ikkje ufortent då Cecilie Kalvøy ga Ha/Le leiinga etter halvtimen.
Men dei 6 siste minutta av 1. omgang avgjorde kampen. Heimelaget skåra då 4 kjappe mål, etter at konsentrasjonen og duellviljen var sporlaust borte i Ha/Le - laget.
Denne sjokkbehandlinga prega resten av 2. omgang. Bergsøy putta 5 nye mål, og vann fullt fortent. Det hjelp så altfor lite å vere best i 40 minutt når kampen varer i 90.
No er det samling i botn for damelaget. For allereie onsdag er det ny kamp. Denne gongen heime mot Herd.
|