Endeleg kom sigeren
På 5. forsøk vart det endeleg 3 poeng til HaNo/Lepsøy sitt damelag. Borte mot Langevåg vann øyajentene fortent etter ein godt gjennomført kamp.



3. divisjon kvinner
Langevåg – HaNo/Lepsøy 0-3 (0-0)
Langevåg KGB
0-1 Cecilie Olsen (60)
0-2 Lillian Kjerstad (70)
0-3 Britt Tove Vedeld Molnes (75)

Etter 4 strake tap, var HaNo/Lepsøy klare på at innsatsen måtte opp nokre hakk om det skulle bli poeng mot Langevåg. Og innsatsen var god over heile linja i 90 minutt. 1. omgang var svært sjansefattig begge vegar, men etter pause løsna det for Ha/Le. Først sette Cecilie Olsen inn sitt første seniormål. Ho var sist på ballen etter corner. Like etter fekk Ha/Le straffe etter at Anna Austnes vart felt. Britt Tove Vedeld Molnes sitt forsøk frå 11-meteren vart imidlertid redda av keeper.

God defensiv jobbing
Etter mange baklengs dei første kampane, var det solid defensiv jobbing mot Langevåg. Aggresivt press på ballførar førte til at Langevåg ikkje skapte mange sjansar. Det som kom tok Hanna Sylte i Ha/Le – målet seg greitt av. Lillian Kjerstad sette inn 0-2 etter fint forarbeid av Cecilie Kalvøy. Britt Tove fekk revansje for straffemissen då ho sette inn 0-3. Dermed stor jubel i Ha/Le – leiren etter ein god gjennomført kamp. Alle 17 spelarane bidrog til å drage i land ein positiv lagsiger.

01/06-11
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: