Øyacup-laga er klare
Om litt over to veker er det klart for Øyacup for seniorar på Nordøy stadion. HaNo FK stiller i begge klassane, og her får du vite kven dei andre er.
I dameklassa stiller desse laga:
HaNo, Lepsøy, Brattvåg, Norborg, Fjørtoft og HaNo All Star.

HaNo/Lepsøy sitt damelag splittar seg altså opp for denne helga, og skal i staden kjempe mot kvarandre. gamle kjenningar får du altså på HaNo All Star. Manager for laget er Sonja Pernille Tomren. Ho er observert på ulike dametreningar rundt omkring i landet for å sondere spelarterrenget. Ho nyttar også sosiale medium for å verve spelarar, men ho vil ikkje ut med noko namn enda. Kari og Lise Longva er to namn som er nemnt.
- Eg har ingen kommentar på noverande tidspunkt. Vent til pressekonferansen veka før Øyacup, då vil vi offentleggjere troppa, seier ein ordknapp Tomren til hanofk.no.

I herreklassa stiller desse laga:


HaNo, Harøy, Lepsøy, Fjørtoft, Norborg og Ellingsøy.

Brattvåg stiller med andre ord ikkje. I staden kjem eit ekte øyøag. Ellingsøy blir nye kjenningar i Øyacup-samanheng. Fjørtoft Turn- og Idrottslag står som alltid opp frå dei døde denne eine gongen i året, og manager Egil Davik vil nok som vanleg mønstre eit godt og feststemt fotballag.

Følg med på hanofk.no for meir info om Øyacup etterkvart. Det er ikkje veldig lenge til vi kjem med pulje- og kampoppsettet. Dans laurdagskvelden og utegrillrestaurant blir det i alle fall - vi tek att suksessen frå 2008 på det :) I tillegg kjem Sporten Brattvåg med mykje utstyr ein kan kjøpe for store og små.

23/06-11
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: