Damelaget med ny 3 poengar
Framfor eit talrikt publikum på Austnes, drog HaNo/Lepsøy sitt damelag i land 3 nye poeng. I ein spelemessig jamn kamp, var det heimelaget som ville mest, og vann til slutt komfortabelt.
Referat: Roar Seth

HaNo/Lepsøy slo til med ein fortent 5-2 siger mot Bergsøy under HaNo-dagane på laurdag. Laget gjennomførte ein god kamp på ei noko sleip og tung bane. Det var Bergsøy som kom best i gong og scora alt etter 2 minutt på frispark frå langt hald. Keeper Lena var nok ikkje heilt nøgd med inngripen sin, men gjorde det like etter godt igjen då ho redda eit godt skot frå ein Bergsøy spelar som kom åleine igjennom.

HaNo/Lepsøy stilte dette laget: Lena Otterlei, Eli Rogne, Silje Vinsnes Haram, Emily Smith, Martha Kjerstad - Cecilie Olsen, Trude Haram, Lise T. Fjørtoft, Britt T. Molnes - Anna Austnes

Nytta Innbyttarar: Lillian Kjerstad, Seline Hodemakers, Hanna Sylthe, Tone Austnes



0-1 (2)
1-1 Eli Rogne (20)
2-1 Trude Haram (23)
3-1 Britt Tove Vedeld Molnes ( 60)
4-1 Britt Tove Vedeld Molnes (65)
4-2 (75)
5-2 Lillian Kjerstad (85)

Dommer: Odd Grande, Skodje

Heimelaget sine mål var av den lekre sorten. Det første målet kom etter eit frispark som vart lagt framfor mål, Bergsøy fekk først avklart. Då ballen kom ut frå mål druste Eli Rogne den kontant i nota frå 25 meter.

Langskot var det også då Trude Haram sendte heimelaget opp i leiing 2-1.

Dagens mål var det likevel Britt Tove Molnes som stod for. Bergsøy keeperen gikk ut på 16 m og tok utspel. Britt Tove ekspederte det høge utspelet kontrollert med innsida på på heil volley i ein flott boge over keeper og i det åpne målet. Flott!!

Like etter punkterte ho kampen då ho forserte gjennom Bergsøy forsvaret og kontrollert satte ballen til side for keeper og i mål.

På slutten av kampen kom toppscorar Lillian på scoringslista også i denne kampen. Ho fastsette sluttresultatet til 5-2. Med denne sigeren kom HaNo/Lepsøy a poeng med Bergsøy og har kun 2 poeng opp til 5 plass. Formkurva til laget er klart stigande. På dei tre siste kampane har dei to sigrar og ein uavgjort. Neste kamp er borte mot Herd på onsdag.

05/09-11
Av: Kenneth Ulla

























5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: