Tap i generalprøva for herrelaget
HaNo tapte kveldens generalprøve mot Emblem på Emblem Stadion 3-2, etter eit sigermål 3 minutt på overtid. Men det er ingen grunn til å henge med hovudet for HaNospelerane av den grunn. Laget leverte ein solid innsats mot eit av topplaga i 5 divisjon denne sesongen og viser lovande takter før seriestarten komande mandag.
1-0: (2min)
1-1: Even Vestavik (10 min)
2-1: Cato Longva (60 min)
2-2 (80 min)
3-2 (90 min)



Laget:

Kenneth Ulla
Olve Steen
Robin Haram
Michael Austnes
Odd Einar Molnes
Lars Åkre
Preben Lorgen
Even Vestavik
Håkon Haram
Per Jarle Fjørtoft
Cato Longva

Nytta innbyttarar: Alf Kåre Longva, Mads Uri, Demir Haram, Kristian Kalvøy, Per Olav Sunde, Alexander Ulla

Det var Emblem som åpna kampen best. Ein lang ball gjekk over eit nølande forsvar og ein Emblemspelar kom aleine med keeper Kenneth Ulla allereie etter 2 minutt av første omgong og dermed 1-0 til heimelaget. Men HaNo vakna raskt etter kalddusjen. Forsvarsfiraren fekk raskt justert seg, medan Even og Preben tok meir over på midten. Utlikninga kjem då Odd Einar frå sin venstrebackposisjon slår ei langpasning til Cato Longva, som blir felt av ein utrustande keeper. Dermed straffe til HaNo, som Even like godt sett kontant i vinkelen. Resten av omgangen er jamnspelt utan dei heilt store sjansane. Cato er frampå med eit par avslutningar og Per Jarle kjem aleine med keeper, medan Emblem skapar lite og forsvarsfiraren til HaNo ligg kompakt og har god kontroll på det som kjem. Keeper Kenneth Ulla må ut med skade etter 30 minutt, og inn kjem Alf Kåre Longva.

I 2 omgang legg Emblem eit lite press på HaNo i starten, men har som i første omgang nesten ikkje skudd på mål. Vikarkeeper Alf blir sjeldan satt på dei store prøvene og HaNo kjem seg etterkvart høgare på bana. Etter 60 minutt vendar Even spelet fint og slår gjennom Cato, som aleine med keeper sett ballen imål. 2-1 til HaNo, og det var på ingen måte ufortjent. Utover i omgangen byttar HaNo totalt 6 mann, men held likevel trykket oppe og har brukbar kontroll. Men 10 minutt før slutt kjem utlikninga på eit skot frå 16 meter som snik seg ned i lengste hjørnet bak keeper Alf. Kampen ser ut til å ebbe ut med uavgjort, men 3 minutt på overtid får Emblem eit frispark frå 18 meter som går i mål. Dermed eit litt ufortjent 3-2 tap for HaNo.

Mykje positivt å ta tak i etter dagens kamp. Midtstoppar Robin Haram (17) og høgreback Olve Steen (17) blir spannande å følge denne sesongen og saman med noko eldre Michael Austnes og Odd Einar Molnes var dei trygge og gode i forsvar idag. Even og Preben krigar og vinn mykje duellar på midten og framme er Cato eit konstant uromoment for alle forsvar. Når vi i tillegg veit vi har 2-3 sentrale spelerar ute i dagens kamp, så er det absolutt grunn til å sjå optimistisk på årets sesong. Seriestart er som nemnt førskomande mandag borte mot Ravn.

12/04-12
Av: Lars Åkre







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: