Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
Defensivt og strukturmessig meir enn godkjent første omgang. Ellingsøy fekk det eine målet. Etter pause hang vi ikkje så godt saman, og effektive og gode Ellingsøy blei for sterke. Framover slit vi igjen med å sjanseprodusere nok.
HaNo-Ellingsøy 0-4 (0-1)

0-1 Victor Hoff (4)
0-2 Marius Hagen (49)
0-3 Even Saure (55)
0-4 Petter Vadset(88)

Juryens dom, HaNo :
3 poeng: Bjørnar Levi Flem (Dagens HaNo-spelar)
2 poeng: Jan Egil Ulla
1 poeng: Michael Austnes

Gult kort, HaNo: Jan Egil Ulla og Bjørnar Flem.
Dommar: Martin Solheim, Spjelkavik IL.

Vi skal ikkje grave oss ned, sjølv om vi i seriesamanheng gjekk på årets største tap. Ellingsøy kjem til å gå rett opp, og har verkeleg forsterka laget. Dei er solid i alle posisjonar. Difor må vi ta med oss førsteomgangen. Då er vi i duellane, vinn ballen i lag, distribuerer på kant, og kjem oss for så vidt til nokre farlege innlegg også. Forsvarsfiraren og midtbanefiraren heng defensivt godt saman. Toto og Aleks er disiplinerte på topp. Lykketreffet til Victor Hoff etter fire minutt er knallbra. Men tenk om… Håkon kom åleine etter 40 minutt. Dessverre var den elles meget gode kampleiaren alt for rask med å blåse offside her. G16-spelarane Marius og Christoffer på HaNo si midtbane spelte meget godt og viste god fysikk og løpskraft før pause.

I andre omgang er Ellingsøy klart best, det er ikkje tvil om. Og igjen let vi motstandaren sleppe til rett etter at omgangen er i gang. 0-2 etter ballmist på eigen halvdel. Angrepet med kantspel og førstestolpeløp er av høg klasse. Attover er vi ikkje så samla som i første, og dermed kjem også gultrøyene meir til sin rett. Med sine raske og fysisk robuste angriparar er det ein bra trussel frå begge sidene, og har også ballferdigheiter til å tre seg gjennom sentralt. 0-3 er eit nytt kanonskot i vinkelen frå 20 meter.

Vi greier ikkje å skape særleg framover i andre omgang heller. Igjen: Vi må jobbe med mottaksfasen i angrepet vårt; greie å halde ballen i laget meir enn to-tre trekk når vi nærmar oss deira siste tredel av bana. 0-4 kjem etter klabb og babb i feltet der vi ikkje greier å avklare. Kenneth bergar oss frå femte baklengsen på overtid då han meisterleg avvergar ein gul ein som kjem åleine gjennom.

Allereie på måndag kan vi skaffe oss poeng. Då er Aksla motstandar borte, før Langevåg 2 kjem på besøk under HaNo-dagane laurdag om halvanna veke.

HaNo (4-4-2)
Kenneth- Alf Kåre, Per Kristian, Michael, Bjørnar – Christoffer, Marius , Jan Egil, Sindre- Toto, Aleksander

Nytta innbyttarar: Asgeir, Stig Frode, Håkon, Sebastian, Jan-Erik, Mads.

26/08-14
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: