Topp 7 i boks sjølv om det blei tap
HaNo-Harøy 0-1 (0-1). Harøy skåra etter to minutt. Voldsom HaNo-dominans i andre omgang, men marginane, dyktigheita og Arve Myklebust var i vegen. HaNo berga likevel Topp7-plassen ved at Fiskerstrand slo Guard heime i kveld.
0-1 Michel Van Berkel (2)

Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Jonas Longva (Dagens HaNo-spelar)
2 poeng: Jan Egil Ulla
1 poeng: Manuel Hoedemakers

Dommar: Niklas Bertil Spets, Lepsøy IL.

Trykk her for tabell og resultat 6. div avd 2. http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=139514

Utgangspunktet var greitt. Eitt eller tre poeng for å sikre Topp 7 –plass som gir spel mellom laga på øvre halvdel i haust. Men Harøy pangopna i lokaloppgjeret. Michel Van Berkel er langt over snittalderen på ein seniorspelar, men den rutinerte målsniken låg og lurte i og rundt offsidegrensa heile kampen. Ballen blei spelt gjennom og dermed ei grusom opning.

HaNo let seg prege noko av denne opninga. Balltempoet var ikkje særleg godt, og angrepa enda med langskot eller dødball. Som i dag var ekstremt dårleg utnytta. Anten var serven for kort eller lang, medan dei hjørnesparka som gjekk inn ikkje blei tatt godt nok vare på av litt for passive avsluttarar. Utover omgangen fekk likevel Jan Egil (tverrliggar), Vegard (rett utanfor), Lars (rett over), Jonas (heading frå 2 meters hald) sine sjansar. HIL fekk eit mål annullert for offside etter farleg dødball.

Andre omgang i power play
Andre omgang er eit einaste langt HaNo-angrep. HIL er kun framme på eit par frispark og ein corner med noko klabb og babb. Vi rulla opp angrep etter angrep, spesielt på venstresida. Innlegga kom også, men HIL fekk rydda unna. Vi sleit også med å treffe målet på avslutningane. Eg trur ikkje vi spanderer spalteplass med namn på alle avsluttarane våre, men tek med Chris sitt forsøk på overtid – meisterleg reaksjonsredda av ex. HaNo-målvakt Arve Myklebust.

Redda av gongongen
HaNo-sesongen opna dårleg med eitt poeng etter tre kampar. Så kom forma med seks kampar på rad utan tap (fire sigrar, to uavgjorte), før vi altså avslutta del 1 av sesongen med fortent tap mot Ellingsøy og eit forsmedelig tap mot Harøy. Vi kan altså prise oss lykkelege for at Fiskerstrand slo Guard 3-1. Dermed er både HaNo og Guard ferdigspelt, og bykarane enda med 13 poeng. HaNo ligg på 6. plass med 15 poeng, og kan kun bli forbigått av Aksla, som har to kampar att. HaNo får no to veker å trene på til første av seks haustkampar. 7 lag kjempar om to opprykksplassar til 5. divisjon 2015. Om vi skal kjempe i toppen der, må vi ha like godt spel som i dag, men bli langt giftigare framfor kassa. Personleg har eg trua på at vi skal greie det!

HaNo (4-4-2)
Kenneth- Sebastian, Per Kristian, Jonas, Bjørnar –Christoffer, Vegard, Marius, Manuel- Jan Egil,, Damian.

Nytta innbyttarar: Toto, Asgeir, Lars, Alf Kåre, Aleksander, Sindre.

11/08-14
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: