Vann komfortabelt til slutt
Giske beit godt frå seg i 70 minutt, men HaNo avslutta klart best. Cato Longva blei dagens HaNo-spelar og skåra tre mål.
Nordøy stadion, 6. divisjon
HaNo-Giske 6-3 (2-1)
Mål:
0-1 (8)
1-1 Cato Longva (16)
2-1 Odd Einar Molnes (23)
3-1 Cato Longva (58)
3-2 (61)
4-2 Cato Longva (63)
4-3 (79)
5-3 Per Kristian Klokk (84)
6-3 Håkon Longva Haram (88)

Dommar: Kjell-Erik Slinning, SK Herd.

Dagens HaNo-spelar: Cato Longva.

Spelarpoeng gitt av trenaren:
3: Cato Longva
2: Jan Egil Ulla
1: Michael Austnes

HaNo tok tilbake tredjeplassen frå Harøy på tabellen etter 1-8 tapet borte mot Harøy førre runde. Giske er sist på tabellen, men yppa seg godt i kampen mot HaNo. Dei tok mellom anna leiinga i kampen, men Cato Longva utlikna til 1-1 frå sju meter etter kvarteret spelt.

Snudde til pause
Odd Einar Molnes lurte inn 2-1 forbi muren og i nærmaste hjørne frå 18 meter på frispark. Slik blei det til pause, i ein relativt jamspelt første omgang. Dei rutinerte Giske-spelarane mista litt saft i beina utover andre omgang, medan HaNo gjekk i angrep med ganske bra tempo. Håkon Haram og Jan Egil Ulla var aktive og gode på kantane. Cato Longva auka til 3-1 etter corner, og roa heimenervane noko. Men Giske hadde ikkje gitt seg, på straffe reduserte dei til 2-3. Cato var på hogget denne kampen, og tok HaNo opp til 4-2, rett etter at han hadde forårsaka straffa til Giske!

God sluttspurt
Igjen reduserte Giske etter dårleg markering på dødball imot for HaNo. Men så avslutta heimelaget sterkt, med to mål på slutten: kaptein Per Kristian Klokk kriga corneren i mål til 5-3, før Håkon Haram sette punktum med 6-3 etter godt forarbeid av Jan Egil Ulla på venstrekanten.

HaNo (4-3-3)
Kenneth Ulla- Dag Peter Olsen, Per Kristian Klokk, Michael Austnes, Robin Vindsnes Haram- Odd Einar Molnes, Preben Lorgen, Cato Longva- Håkon Haram, Pedro Silva, Jan Egil Ulla.
Nytta innbyttarar: Aleksander Ulla, Sebastian Rogne, Per Olav Sunde, Richard Hansen.

06/10-12
Av: Odd Einar Molnes






Kaptein Per Kristian Klokk med solid kamp i midtforsvaret, og eitt mål på corner. Cato Longva med tre ballar, som er like mange som han skåra.



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: