Trenarteamet på plass for herrelaget
Spelargruppa i HaNo fekk på treninga onsdag endeleg offentleggjort årets trenarteam for herrelaget. Kenneth Ulla blir hovudtrenar for herrelaget i 2013. Preben Lorgen og Bjørnar Flem er assistenttrenarar.
Bjørnar er i tillegg til hjelpetrenarjobben, oppmann for laget. Lars Åkre, som dei siste åra har vore i trenarteamet, har sagt seg villig til å hjelpe til både med treningar og med oppmannsjobben om det knip. Åkre er forøvrig også nestleiar i styret.

I eit innlegg på HaNo herrelag si facebook-gruppe, skriv ein onsdag denne meldinga:

Då vil SUS gledeleg meddele at trenarteamet for herrelaget sesongen 2013 er klart: Kenneth Ulla er hovudtrenar og Bjørnar Levi Flem og Preben Lorgen er hjelpetrenarar. Vi er veldig fornøgde med teamet! No håper vi på godt oppmøte på treningane framover:-) Ditta bli bra!!

06/02-13
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: