HaNo snart klar for seriestart!
HaNo herrer startar seriespelet tysdag 22. april borte mot Spjelkavik 2. Her er litt informasjon om HaNo 2014, både så langt i år, og utsiktene framover.
6. divisjon avd 2 inneheld 12 lag. Alle skal møte alle i ein enkel serie, og dei 7 beste møter kvarandre til hausten. To beste i den serien rykkjer opp. HaNo har som mål å kome på topp 7 etter «vårsesongen», og spele i lsg med dei beste i avdelinga i ein ny enkel serie. Troppa som har spelt kampar til no tel over 20 mann, og det har vore 16-17 mann i snitt på treningane i vinter. Trenar er Odd Einar Molnes. Andreas Austnes er keepertrenar. Bjørnar Flem er oppmann og assistenttrenar. I tillegg er Lidvar Rogne knytta til støtteapparatet på heimekampar.

Treningskampar:
Norborg- HaNo 2-8 (Mål Aleksander Ulla, Mario Selmann)
HaNo- Lepsøy 2-2 (Mål Stig Frode Longva 2)
Ørskog- HaNo 3-1 (Mål Stig Frode Longva)
Giske- HaNo 1-0
Ellingsøy- HaNo 3-1 (Mål Aleksander Ulla)
Fiksdal/Rekdal- HaNo 0-1 (Mål Michael Austnes)
Harøy-HaNo blir spelt 14.april på Harøy gras.

Vi har også spelt treningskamp mot Lepsøy i Nordøyhallen tidleg i januar, samt gjennomført Januarcup i hallen mot Ørskog, Lepsøy og eit samansett HaNo All Star- lag.
Michael Austnes har gjort comeback, og vore på alle treningane til no. I tillegg har gamle HaNo-namn som Asgeir Nogva, Alf Kåre Longva, Stig Frode Longva, Dag Peter Olsen vore med på mange treningar og bidratt i kampar. Per Kristian Klokk er framleis med, det same er Lars Åkre så mykje han kan. Jan Egil Ulla slit med skade i kneet, men vi håper på å få sjå han snart i blått.

Vi treng rutina til desse spelarane. Minst like viktige spelarar både no og på sikt er likevel dei mange 15-18-åringane vi har på laget. Dei er flinke å møte på trening, er uredde typar som vil bli betre, og viser stadig framgang i spelet sitt.

Serieopning er altså mot Spjelkavik 2 tysdag etter påske. Før det går siste treningskamp borte mot Harøy måndag 14.4.

Kampane til HaNo i del 1 av sesongen er slik:
22.04.2014 Spjelkavik 2- HaNo
28.04.2014 HaNo Giske
02.05.2014 Emblem 2- HaNo
12.05.2014 HaNo- Fiskerstrand
26.05.2014 HaNo- Brattvåg 2
02.06.2014 Aksla- HaNo
09.06.2014 HaNo- Guard
18.06.2014 Lepsøy- HaNo
23.06.2014 HaNo- Langevåg 2
30.06.2014 Ellingsøy- HaNo
11.08.2014 HaNo-Harøy

Vi håper på god støtte på alle kampane våre. På heimebane treng vi at folk møter opp og støtter om lokalfotballen. Vi veit også at mange HaNo-tilhengjarar held til i bynære strok som kan møte opp på bortekmapane våre. Vi skal gjere vårt for å få ein god HaNo-sesong !!

10/04-14
Av: Odd Einar Molnes






HaNo mot Ellingsøy i mars. Bak frå v: Andreas Austnes, Marius Austnes, Jonas Austnes, Mario Selmann, Per Kristian Klokk, Lars Åkre, Stig Frode Longva, Sindre Longva, Aleksander Ulla, Odd Einar Molnes.


HaNo mot Ellingsøy i mars. Bak frå v: Andreas Austnes, Marius Austnes, Jonas Austnes, Mario Selmann, Per Kristian Klokk, Lars Åkre, Stig Frode Longva, Sindre Longva, Aleksander Ulla, Odd Einar Molnes. Framme frå v: Bjørnar Flem, Per Olav Sunde, Jan-Erik Flem, Toto B. Helland, Sebastian F. Rogne, Håkon Longva Haram, Damian Zachara, Michael Austnes, Christoffer Longva, Manuel Hoedemakers.



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: