Nervepirrande og mÄllaust lokalderby
To hardtarbeidande lag var heiltente fĂžr lokaloppgjeret. Begge laga viste god defensiv moral, og offensivt mykje bra for Ă„ vere 6. divisjon, i alle fall fram til motstandarens 16-meter.
Juryens dom, HaNo :
3 poeng: Michael Austnes
2 poeng: Marius F Austnes
1 poeng: BjĂžrnar Flem

Gult kort, HaNo: Michael Austnes.
Dommar: Rolf J. Eldevik, Ellingsþy – meget god.

LepsÞy mobiliserte fÞr kamp. Turnusfolk var heime, fastlendingar henta inn, og Alecs Eide henta heim frÄ Norborg tidlegare i vÄr. 13 mann mot HarÞy fÞrre runde var no blitt til 22 mann klare til dyst pÄ ei aldeles strÞken grasbane. Pedro var eksponenten for at LIL meinte alvor, og var ivrig frampÄ tidleg i kampen. NÊrmast i starten var likevel Jan Egil sin corner, som traff tverrliggar og trilla langs streken. Magnus Seth endra nesten sitt rykte som tÞff, til stygg, dÄ strake fotar og knottar tackla BjÞrnar i legghÞgde. Men heldigvis hadde kretsen teft, og sette opp erfarne Rolf Eldevik som dommar. Han hadde fullstendig kontroll, og lot aldri noko utarte seg.

LepsÞy hadde raske kantar i Johan Kjerstad og Martin Gjerde, og pÄ topp trua Pedro bakrom, med Alecs Eide rett bakom. LIL har ein kjempespelar i Pedro. Han spelte ein forrykande kamp, og var ein konstant trussel for HaNo. Pedro fekk nesten gitt heimelaget leiinga fem minutt fÞr pause, men skotet gjekk utanfor. Rett fÞr kom dagens kontring, servert bortelaget: Damian spelar opp Manuel, som spelte ein kjempekamp, tilbake til Damian som fann ein Cato (alltid pÄ lÞp), men volleyavslutninga gjekk over.
HaNo pangopna etter pause, hadde eit skikkelig trykk, Cato skaut etter ein cornersituasjon etter berre minuttet. Michael kom sÄ i fokus: FÞrst redda han ei LIL-avslutning pÄ streken, fÞr han etter 10 minutt stupheadda eit innlegg rett utanfor. Heimelaget, som mÄtte ha tre poeng for Ä ha eit Topp 7-hÄp, kjempa seg oppover i bana midtvegs i omgangen. Eivind Gjerde og Geir Seth fekk ei lita stund taket pÄ midtbana, men dei greidde ikkje Ä skape mange store sjansar. HaNo lÄg kompakte og fint, og synte svÊrt god tolmod og lagmoral.

Vi var ein konstant trussel med raske folk pÄ kantane, og Manuel hadde eit kjemperaid, spelte fri Christoffer som dessverre blei blÄst av for offside. Kvarteret fÞr slutt oppstod ein HaNo-sjansebonanza, der siste forsÞk kom frÄ Jan Egil, men skotet gjekk like utanfor. Mellom 75 og 85 minutt lÄg det verkeleg eit HaNo-mÄl i lufta. Jan Egil, Vegard (som erstatta ein hardtarbeidande Marius siste 20 min) og Cato spelte meget godt denne perioden og mata vÄre angriparar godt.

Det enda med 0-0, eit fortent resultat mÄ ein vel seie. Juryen gav sine poeng til enkeltspelarar, men det kunne jaggu ikkje vere enkelt Ä plukke ut i eit HaNo-lag som var meget disiplinert i arbeidet sitt i dag. Etter to tap siste Ära pÄ LepsÞya, der heimelaget har hatt mest og best vilje, skal HaNo ha ros til tusen for mÄten ein arbeidde pÄ i dag. I lag! StrÄlande haldningar. Vi jobba for kvarandre mot eit heiltent og svoltent heimelag. No er det trening pÄ fredag fÞr LangevÄg 2 kjem pÄ visitt pÄ NordÞy stadion komande mÄndag allereie.

HaNo (4-3-3)
Kenneth- Mario, Per Kristian, Michael, BjĂžrnar -Marius, Cato, Jan Egil- Aleksander, Damian, Toto.
Nytta innbyttarar: Christoffer, Manuel, Vegard, Stig Frode, Sebastian.

18/06-14
Av: Odd Einar Molnes






Rart kva ein fÄr plass til i eit buss-skur i regnveret pÄ veg heim frÄ kamp.



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane EllingsĂžy
HaNo-EllingsĂžy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjĂžlv om det blei tap


Hovudsponsorer: