6-0 og tabellklatring
HaNo spelte godt første 30, men avslutta førsteomganen dårleg og fekk krangla seg til ei 2-0 leiing til pause. Andre omgang blei ein omgang der vi dominerte stort, og gjorde noko vi har kava med tidlegare i år: Putta på sjansane våre. Noko anna imponerande: HaNo heldt nullen for tredje kamp på rad.
HaNo- Langevåg2 6-0 (2-0)

1-0 Cato Longva (9)
2-0 Vegard Halkjelsvik (31)
3-0 Cato Longva (53)
4-0 Michael Austnes (57)
5-0 Mario Selmann (62)
6-0 Christoffer Longva (75)

Juryens dom, HaNo :
3 poeng: Cato Longva (Dagens HaNo-spelar)
2 poeng: Manuel Hoedemakers
1 poeng: Mario Selmann

Gult kort, HaNo: Jonas Longva
Dommar: Norvald Lausund, Lepsøy IL.

HaNo gjekk ut I ein meir tradisjonell 4-4-2 formasjon denne gongen, og Damian og Cato på topp var I grunn ein trussel heile vegen. Når Marius og Jan Egil i midten greidde å få med kantane også, blei det farleg rett som det var. Manuel serverte Cato til 1-0, tett før 10 minutt var gått. Kjempeflott angrep på venstresida. Cato vil også assistere, då han trilla vidare til Vegard som netta sikkert etter halvtimen etter ei kontring det lukta svidd av.

Mot slutten av omgangen mista HaNo initiativet aldeles, og laget frå Sula som kom til Nordøy stadion med tre strake sigrar bak seg, kom så nært som tverrliggaren rett før halvtid. Men det var ein kamp der liksom alle marginar også skulle gå dei blå sin veg. Også etter pause traff LIL2 stengrene, men elles rydda forsvarsfiraren og Kenneth bakerst glimrande opp også denne kampen.

Manuel gjekk på årets raid åtte minutt ut i andre omgang. Vanskeleg å stoppe denne karen når han bestemmer seg. Frå eigen halvdel sette han fart, parkerte tre-fire sulamittar før han la 45 grader til Cato som berre kunne breiside ballen i mål. Dagens høgdepunkt, Manuel!

No er vi i støtet. Trenaren ba om dødball-mål før start, og no venta to kjappe. Damian blei felt, slo frisparket sjølv hardt mot målet. Gir ein Mikke returlillefingeren, blir det enkelt og greitt mål. 4-0 ! Mario spelte sin siste heimekamp for HaNo (flyttar til Bergen til sommaren) og ville gjerne avslutte på Nordøy stadion med ei vakker heading etter presis Jan Egil-corner.

Kvarteret før matchuret has Tryggve tok jonsok-kvelden, ville Christoffer vere med på leiken. Etter at han var beskjeden og sentra minuttet før, viste han ingen nåde, og dunka ballen i mål. Cato med dagens andre opprulling-til-høgre-assist.

Ellingsøy er neste ut, komande måndag på Nes stadion. Harøy er aller sist (11.august heime) før serien skal delast i topp 7 og botn 5. No har HaNo lagt seg i ein bra spurt-posisjon, sjølv om vi har spelt ein kamp meir enn våre rivalar:

5. plass HaNo 15 p (+9)
6. plass LIL2 15 p (+3)
7. plass Guard 13 p (+4)
8. plass Aksla 10 p (-4)

HaNo (4-4-2)
Kenneth- Mario, Per Kristian, Michael, Bjørnar –Vegard, Marius , Jan Egil, Manuel- Cato, Damian.

Nytta innbyttarar: Toto, Christoffer, Aleksander, Sebastian, Jonas, Mads, Per Olav.

24/06-14
Av: Odd Einar Molnes






Jonas Longva er ferievikar, rakk å varme opp Kenneth og få gult kort mot slutten :)


På veg ut. Konsentrert, og Mario er klar for siste HaNo-kamp heime. Han skåra på hovudet, og spelte godt!


Samling før start. Konsentrasjon og siste peptalk.



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: