HaNo gjort unna første kamp
Herrelaget spelte årets første kamp onsdag kveld. Eit relativt godt bemanna Brattvåg-lag vann 3-1 mot HaNo. Stillinga ved pause var 2-0. Lars Petter Haram skåra på straffespark sju minutt før full tid.
Kampfakta:
Brattvåg-HaNo 3-1 (2-0)
Mål:
1-0 Martin Sundnes (16)
2-0 Werner Ellingsæter (31)
3-0 Kristian Grønmyr (62)
3-1 Lars Petter Haram (str.81)
Dommar: Bjarte Steinsbu

21. januar er relativt tidleg å spele kamp, men denne onsdagskvelden blei godt utnytta med 16 HaNo-spelarar i sving, og kjekt å kome i gang er konklusjonen. Mangel på målvakt gjorde at Per Jarle Fjørtoft (1.omg), Jan Egil Ulla og Cato Longva (delte på 2.omg) stod med hanskar denne kampen. Andreas Fjørtoft gjorde sin debut for HaNo, som også starta kampen med to spelarar som blir 17 år først seinare i år (Åge og Krisitian).

Brattvåg hadde bra overtak spelemssig i første omgang. Dei stilte med eit ganske godt mannskap heile denne omgangen, og hadde også medvind. Dei pressa godt på første minutta, men Per Jarle heldt buret reint. Ein betre HaNo-periode, utan å produsere dei heilt store sjansane, blei avslutta med BIL-leiing ved Martin Sundnes. Han skåra på volley frå kort hald. Werner Ellingsæter gjorde 2-0 etter vel halvtimen. Her var ikkje HaNo-forsvaret godt nok med på andreballen ved ein cornersituasjon.

Etter pause gjorde HaNo fleire endringar. Utover i omgangen måtte også Michael Austnes gi seg, og ein aldeles ny forsvarsfirar blei komponert. Men alle som prøvde seg i ”nye” posisjonar på HaNo-laget tok godt i mot utfordringa (inkludert målvaktene!). Kristian Grønmyr la på til 3-0 nesten midtvegs ut i omgangen etter ei noko uheldig HaNo-avklaring.

For HaNo sin del blei det ei tolmodsprøve med mykje jobbing utan ball. Det var likevel tilfelle i andre omgang der ein kom på nokre besøk framover. Eit hjørnespark resulterte i straffespark etter halding i feltet. Lars Petter Haram opna målkontoen i 2009 med eit noko vågalt straffespark, men den gjekk inn. Mange positive svar for trenaren og HaNo-troppa, som spelar neste kamp borte mot Vestnes/Varfjell laurdag 31. januar.

HaNo (4-3-3):
Per Jarle Fjørtoft-Kristian Kalvøy, Cato Longva (k), Michael Austnes, Jonas Longva- Vegard Halkjelsvik, Jan Egil Ulla, Lars Petter Haram- Åge Flem Ulla, Kent Inge Klokk, Asgeir Nogva

Nytta innbyttarar: Demir Haram, Andreas Fjørtoft, Stig Frode Longva, Ole Lennart Vassbotn, Alexander Eide.

21/01-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: