Gode periodar gav siger
HaNo slo Skodje 4-3 i treningskamp onsdag kveld. HaNo leia 3-2 ved pause som var ein ujamn omgang, men meget god siste halvdel. Etter pause jamna det seg ut, med eitt mål til kvart av laga.
25.02.09, Brattvåg kunstgras.
Kampfakta:
Skodje-HaNo 3-4 (2-3)
Mål:
1-0 (9)
1-1 Stig Frode Longva (23)
2-1 (str.30)
2-2 Cato Longva (36)
2-3 Cato Longva (37)
2-4 Lars Petter Haram (67)
3-4 (77)
Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg.

Begge lag hadde grei fart i overgangar og kontringar første ti minutta. Skodje kom til eit par hjørnespark, og det eine gav resultat. HaNo kom meir med og førte omgangen spelemessig. Men presisjonen var ikkje god nok då det nærma seg Skodje-målet. Etter 20 minutt kunne Lars Petter Haram heade inn utlikning, men innlegget frå Jan Egil Ulla avslutta LP utanfor. Stig Frode Longva utlikna tre minutt etter i staden. Innlegg frå venstre.

Ukonsenstrert, før to kjappe
Skodje tok på ny leiinga. Eit frispark blei tatt kjapt, Henrik Åkre felte ein SIL-angripar, og straffa blei ekspedert i mål. Her hang ikkje HaNo med, dessverre. Dette vekte nok opp HaNo. No fossa ein i angrep, og hadde verkeleg eit godt trykk. Cato Longva skåra to ganske like mål. Kontant i nota frå om lag 14 meter etter gode angrep. Dermed kunne HaNo gå til 3-2 leiing inn i garderoben.

Andre omgang jamn
Starten av andre omgang blei jamnare, og ganske sjansefattig. Først midt i omgangen kjem målet. Cato Longva spelte no kant, og fiksar straffespark. LP skåra sikkert. Men Skodje svarar, og er sterkast i siste halvdel av omgangen. HaNo vaklar litt defensivt, og mange offensive fokus før kampen gjekk nok på bekostning av det defensive arbeidet. Skodje reduserte 13 minutt før slutt gjennom midten. Alexander Eide skrudde eit skot i stolpen, Per Jarle Fjørtoft sette returen over. Elles var SIL farlegast i sluttminutta. To store sjansar rett før full tid greidde dei ikkje å sette forbi Henrik. Dermed HaNo sin første siger i 2009. Oddbjørn Hatlehol dømde kampen på ein sikker og god måte.


HaNo (4-3-3):
Henrik Åkre- Kristian Kalvøy, Michael Austnes, Ove Otterlei, Jonas Longva- Vegard Halkjelsvik, Cato Longva, Lars Petter Haram - Jan Egil Ulla, Stig Frode Longva, Alexander Eide.

Nytta innbyttarar: Åge Flem Ulla, Kent Inge Klokk, Ole Lennart Vassbotn, Per Jarle Fjørtoft, Demir Haram, Junior Da Silva.

25/02-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: