God andre omgang berga uavgjort
Ein brukbar første halvdel av første omgang blei avløyst av total Norborg-dominans. Andreomgangen var betre av HaNo, og ein fekk utlikning til 2-2 rett før slutt.
04.03.09, Brattvåg kunstgras.
Kampfakta:
Norborg-HaNo 2-2 (2-0)
Mål:
1-0 Morten Kalvø (10)
2-0 Kristian Søviknes (36)
2-1 Stig Frode Longva (67)
2-2 Kent Inge Klokk (89)
Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg.

Norborg tok tidleg leiinga i treningskampen på Brattvåg kunstgras. Morten Kalvø står rett plassert i feltet etter ein cornersituasjon. HaNo hang bra med i byrjinga, og greidde til tider å presse Norborg noko bakover. Store HaNo-sjansar blei det likevel ikkje. Norborg arbeidde seg sakte men sikkert over i eit tempo som HaNo ikkje hang med i. Ein brukte kantane godt, spesielt høgresida, men innlegga gav ikkje resultat. HaNo sleit med presisjonen, og Norborg auka leiinga til 2-0 ved Kristian Søviknes frå 12 meters hald. Avstandane blei store mellom ledda i HaNo, og Norborg var temmeleg overlegne tida før pause.

Positiv andre omgang
HaNo greidde å justere både presshøgde og det kollektive arbeidet etter kvilen. Aggressiviteten var på plass igjen, og ein firar på midten hang godt saman. Forsvarsfiraren hadde besøk, farlege mot seg også, men får absolutt godkjent for andreomgangen sin! Vann mange duellar, og støting/sikring sat ganske bra. Framover var pasningane betre, og ein greidde å bruke breidda ganske bra også. Viljen var god, og pusten heldt like godt med dei blå som dei oransje.

Sein utlikning
Dommar Hatlehol dømde indirekte frispark for ein teknisk feil på keeper Espen Wold halvvegs i omgangen. Stig Frode Longva ekspederte ein trillar kontant i mål. Kampen opna seg opp, Norborg var også frampå, men HaNo får utlikning om lag akkurat ved 90 spelte minutt. Morten Kalvø gjer sin einaste feil for kampen, og måltjuv Kent Inge Klokk seier ja takk. Norborg hadde flest målsjansar, men andreomgangen var positiv for HaNo som skal ha ros for å hente opp att til uavgjort etter å ligge under med 0-2 til pause.


HaNo (4-3-3):
Lasse Buch- Dag Peter Olsen, Michael Austnes, Cato Longva, Vebjørn Steen- Vegard Halkjelsvik, Jan Egil Ulla, Lars Petter Haram - Alexander Eide, Stig Frode Longva, Asgeir Nogva.

Nytta innbyttarar: Kristian Kalvøy, Kent Inge Klokk, Ove Otterlei, Demir Haram, Lars Åkre.

05/03-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: