HaNo-Midsund 2-4
HaNo var fullt på høgde før pause. Stillinga var då 2-2. I andre omgang blei HaNo for upresise, og dermed utnytta ballsikre romsdalingar dette og greidde å skåre to gongar.
13.04.09, Rogne gras.
Kampfakta:
HaNo-Midsund 2-4 (2-2)
Mål:
1-0 Jan Egil Ulla (4)
1-1 (6)
1-2 (27)
2-2 Kenneth Ulla (35)
2-3 (66)
2-4 (81)
Dommar: Rolf Longva, HaNo.

Begge lag storma i angrep frå start av. Midsund sin aktive spiss var på besøk etter eitt minutt. HaNo vakna, og Jan Egil Ulla passerte målvakta og skåra då han kom åleine berre etter fire minutt. Midsund-spissen svarte, og dermed 1-1. Ei regelrett forsvarstabbe der kommunikasjonen mellom stopparane gav vekk dette målet. Kvarteret gjekk, og Jan Egil vendte vekk MIL-forsvaret elegant. Avslutninga frå årets HaNo-kaptein gjekk dessverre utanfor.

Lekre kombinasjonar
Midsund var stadig farlege med sitt småspel, små kombinasjonar og kjappe angrepsspel. HaNo sleit stundom med å kome oppi, og 1-2 kom på slikt spel før halvtimen var spelt. Angrepsmessig var HaNo framleis ein stor trussel. Cato Longva var nær å heade i mål etter corner. Ein ny dødball gjekk betre: Asgeir Nogva fann Kenneth Ulla som stussa den akkurat nok til å lure Midsund-målvakta. 2-2, som blei pauseresultatet, trass i ein megasjanse for Midsund rett etter.

Upresis
HaNo har skåra mål i samltige andreomgangar i vinter, men denne gongen ville ikkje ballen i mål. Ikkje særleg mange sjansar heller. Jan Egil på corner var nærmast. Elles blei det for upresist i andre omgang. Ballen blei slått mot første bevegelse heile vegen, og MIL hadde ikkje alt for store vanskar med å rydde opp. Ein skapte ein del på kant, men innlegga blei ikkje farlege nok. Midsund kom forbi Henrik Åkre midtvegs, men ein positiv Jonas Longva redda på streken. Men ingen kunne hindre borteleiing då Jonny Godø brassesparka inn 2-3 på ein corner. HaNo gjorde ein offensiv etter dette, og kom fram med mykje folk, men i staden punkterte Midsund kampen til 2-4 sju minutt før Rolf Longva blåste av.

HaNo (4-4-2):
Henrik Åkre- Kristian Kalvøy, Michael Austnes, Jonas Longva, Vebjørn Steen-Cato Longva, Lars Petter Haram, Åge Flem Ulla, Asgeir Nogva - Kent Inge Klokk, Jan Egil Ulla.

Nytta innbyttarar: Kenneth Ulla, Vegard Halkjelsvik, Ove Otterlei, Demir Haram.

13/04-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: