Siger på overtid!
Harøy leia 2-1 til det stod att tre minutt på Grande si klokke. Då skåra Jan Egil Ulla til 2-2. På overtid skaffa Stig Frode Longva frispark på 17 meter. Med ein flott variant sette han sjølv ballen i nota. Sigeren sat langt inne, men den var fullt fortent.
Harøy-HaNo 2-3 (1-1)
Mål:
1-0 Espen Harnes (19)
1-1 Michael Austnes (42)
2-1 Rolf Borgan (57)
2-2 Jan Egil Ulla (87)
2-3 Stig Frode Longva (90+3)
Dommar: Odd Arne Grande, Skodje IL
Gult kort, HaNo: Cato Longva.
Juryens dom:
3 poeng: Asgeir Nogva
2 poeng: Michael Austnes
1 poeng: Vebjørn Steen

HaNo ønskte å gå ut høgt på bana i starten. Det var for så vidt vellykka. Men presset i starten førte berre til fem hjørnespark og nokre halvsjansar. Jan Egil Ulla fekk, i følgje seg sjølv, den første av sine fem store sjanser, men ein god og duellsterk Harald Åge Nielsen berga med hovudet. Per Jarle Fjørtoft fekk også sine første av fleire halvsjansar i løpet av første omgang.

Det var nemlig Harøy som i staden kontra inn 1-0. Gode, gamle Morten Håheim serverte gode, men litt yngre Espen Harnes, som sprang seg fri frå HaNo-forsvaret og avslutta iskaldt forbi Lasse Buch. HaNo kom heldigvis tilbake, og eitt av HaNo-hjørnesparka gav heldigvis resultat. Rett før pause var Michael Austnes akkurat nok borti Jan Egil sin corner, og dermed 1-1 ved halvtid.

Andre omgang starta berre halvfriskt for HaNo sin del. Oppspela blei noko forutsigbare, og Harøy var skumle på kontringar. HaNo si høgreside blei utmanøvrert, Morten Håheim la inn, og Rolf Borgan tok HIL opp i leiinga på nytt. Her hang ikke HaNo med. Framleis blei det litt lite variert spel og spede forsøk frå HaNo.

Men siste 20 minutta greidde ein å presse Harøy endå lenger bakpå, og innlegga kom no meir frå høgare oppe på bana. Vi var rolegare med ball, og heldt den meir langs bakken og distribuerte den ut på kant. Jan Egil spelte høgrekant, og Asgeir Nogva venstre. Tre spissar i midten oppe skapte stort trykk. Innlegga kom, og HaNo blei farlegare og farlegare. Gedigne sjanser blei spolert, men etter 42 minutt kom endelig uttellinga. Vebjørn Steen slår inn, Per Jarle stussar videre, der Jan Egil skårar sikkert.

HaNo viser god innstilling, spring i målet og hentar ballen. Vi vil ha meir. HaNo-leiren fekk sitt jubelbrøl tre minutt på overtid. Stig Frode Longva blei felt på 17 meters hald. Cato hoppar over, Lars Petter Haram trillar til Stig Frode som set den sikkert i mål.

Med dette fekk også to av HaNo sine aller største og beste supportarar betalt for turen. Trygve Rogne og Leif Uri tok båt i hard nordavind til Myklebust, og sykla 6 kilometer til Harøy stadion, og var på plass til oppvarminga byrja. Dette kallar vi tilhengjarar, og vi er utrulig takknemlig for at to slike slitarar støttar laget heime som borte på ein slik måte.

HaNo (4-4-2):
Lasse Buch- Kristian Kalvøy, Michael Austnes, Cato Longva, Jonas Longva- Vegard Halkjelsvik, Lars Petter Haram, Vebjørn Steen, Asgeir Nogva- Jan Egil Ulla, Ove Otterlei.

Nytta innbyttarar: Per Jarle Fjørtoft, Åge Flem Ulla, Odd Einar Molnes, Stig Frode Longva, Kent Inge Klokk.

22/05-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: