Asgeir Nogva skåra 3 mål
Asgeir Nogva tok HaNo opp i 2-0 leiing, men Ravn utlikna til 2-2. Asgeir skåra til 3-2 rett etter pause, men Ravn kom igjen tilbake. 3-3 stod seg til slutt, sjølv om Ravn hadde store sjansar til å avgjere. I ein annan kamp tysdag vann Harøy 1-2 borte mot Brattvåg2.
09.06.09. Kampfakta:
Ravn-HaNo 3-3 (2-2)
Mål:
0-1 (1) Asgeir Nogva
0-2 (21) Asgeir Nogva
1-2 (27)
2-2 (30)
2-3 (47) Asgeir Nogva
3-3 (57)
Dommar: Svein Rasmus Vestnes, Aafk.
Gule kort, HaNo: Stig Frode Longva.

Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Asgeir Nogva
2 poeng: Vebjørn Steen
1 poeng: Lars Petter Haram

HaNo kunne ikkje drøymt om ei betre opning. Etter 70 sekund blir eit frispark frå 40 meter slått av Asgeir Nogva, perfekt inn mot bakre. Mange kom springande innover feltet, og då blir det som ofte før: Skåring rett ved bakerste stolpe. Asgeir var ikkje verre på det enn at han satte inn sitt andre frå spissen av 16-meteren. Opptakta var strålande med ein tempodrivande Cato Longva som overlappa til Ove Otterlei. Stig Frode Longva kom seg nesten fri eit par minutt etter, men ingen tremålsleiing. Same Longva enda med gult kort i eit basketak med Stein Erik Alvestad rett etter. Ravn ropte på raudt, men dei kan likegodt vere glad for at Alvestad enda utan kort for sitt spark på Stig Frode.

Ravn tek over
Ravn tok no over mykje, og vel kvarteret før pause fekk dei både redusering og utlikning. Begge av det noko billege slaget. Lars Petter Haram var sist på 1-2 (innleggssituasjon), medan Øystein Bergheim hadde ei uheldig utboksing på 2-2.

God start- Asgeir igjen!
HaNo gjekk aggressivt ut i andre omgang. Etter vel minuttet spelt pangopna atter ein gong Asgeir. Skotet frå vel 20 meter frå spiss vinkel curla fint i det lengste hjørnet. HaNo held fram med å presse på, men i staden for ein stor målsjanse og eventuelt 4-2, bryt Ravn ballen, og angrepet gjekk i fullt tempo framover med lekre kombinasjonar. HaNo hang ikkje med, og 3-3 eit faktum.

Stod han av
Heimelaget greidde ikkje å skåre vinnarmålet, sjølv om dei hadde åleine-sjansar med keeper, og svært skumle dødballsituasjonar. Eivind Grøtt Ulla og Tore Nedrevold dei feitaste tilboda. HaNo skal vere nøgd med at dei reiste heim med eitt poeng, og unngjekk at konkurrenten Ravn fekk tre.

Ellingsøy neste
Vi skal heim og trene på samhandling, tørre å spele ball sjølv om vi er slitne, og kome til målsjansar. For det var det kun eitt tilfelle av etter pause: målet til tremålsskårar Asgeir. Vebjørn Steen skal ha ros for full kontroll på høgreving Årseth, som leika seg med oss i treningskampen i vinter.

HaNo (4-4-2):
Øystein Bergheim-Jonas Longva, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Vebjørn Steen-, Vegard Halkjelsvik, Cato Longva, Lars Petter Haram, Asgeir Nogva- Kent Inge Klokk, Per Jarle Fjørtoft.

Nytta innbyttarar: Stig Frode Longva, Ove Otterlei, Åge Flem Ulla, Kristian Kalvøy, Dag Peter Olsen, Lars Åkre.

09/06-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: