Vann stort i toppoppgjeret
Herrelaget vann heile 6-1 (4-1) mot laget som toppa tabellen før dagens kamp, Ellingsøy. HaNo var best i det meste, og vann fortent. Lars Petter Haram2, Jan Egil Ulla, Jonas Longva, Asgeir Nogva og Kenneth Ulla skåra måla. No med bilder!
5. divisjon:
HaNo-siger mot topplaget
HaNo – Ellingsøy: 6 - 1 (4– 1)
Nordøy gras
97 tilskuarar

Mål:1 – 0 Jan Egil Ulla ( 03 min)
1 – 1 Tomas Skurdenis ( 30 min)
2 – 1 Lars Petter Haram, straffe ( 31 min)
3 – 1 Lars Petter Haram ( 35 min)
4 – 1 Jonas Longva ( 43 min)
5 – 1 Asgeir Nogva ( 73 min)
6 – 1 Kenneth Ulla ( 82 min)

Dommar : Birger Breivik, Volda
Kort : Ingen

Dagens HaNo-spelar: Jonas Longva

Dei elleve utvalde:
Kenneth Ulla, Jonas Longva, Michael Austnes, Dag Peter Olsen, Bror Vebjørn Steen, Ove Otterlei, Lars Petter Haram, Cato Longva, Asgeir Nogva, Jan Egil Ulla og Per Jarle Fjørtoft.

Desse gjorde sprelske innhopp frå benken:
Stig Erik Nogva, Lars Åkre, Vegard Halkjelsvik, Åge Flem Ulla, Kristian Kalvøy og Demir Haram


Det har vore litt ujamne prestasjonar hos HaNo i det siste. Onsdag kveld gjesta topplaget Ellingsøy Nordøy stadion som favorittar. Betre vart det ikkje av at dei faste målvaktene til HaNo ikkje kunne spele, og Kenneth Ulla måtte ta på seg målvakttrøya. Men han stod stødig å mål og avslutta siste kvarteret som spiss med å skåre HaNo sitt mål nummer seks. HaNo leverte ein toppkamp og utklassa overraskande gjestane som gjekk sure og brukte munn både på dommar og medspelarar.

Det vart ein noko underleg kamp. Første halvtimen var jamn med sjansar til begge lag. Men siste timen vart det berre HaNo. Gjestane fekk første sjanse alt etter ti sekund då ballen rulla i stolpen bak målvakt Ulla. HaNo gjekk rett i angrep. Jan Egil Ulla snappa eit dårleg utspel frå ei pressa gjestemålvakt Amund Rongve, og lobba ballen i mål frå over tretti meter. Godt gjort! Etter kvarteret hindra to fotparadar frå målvakt Ulla utlikning, og Stian Seth lobba i tverrliggaren. Etter halvtimen var laga like langt. Tomas Skurdenis sprang gjennom og skåra enkelt. Offside, meinte HaNo. Nei, sa dommar Breivik.
Då tok lagkaptein Lars Petter ”LP” Haram ansvar. Først skaut han eit straffespark sikkert i mål etter at aktive og gode Stig Erik Nogva vart halden i feltet. Like etter var LP på farta att og lurte eit innlegg frå ein svært opplagt Asgeir Nogva i mål. Og som ikkje det var nok laga ungdommen dagens skåring. Vegard Halkjelsvik gjekk flott til dødlinja, gav ut til Jonas Longva som knalla ballen i vinkelen. Med 4 – 1 til HaNo var kampen avgjort til pause.

Andre omgong kontrollerte HaNo. Laget heldt tett bakover, og med kloke innbyte frå benken skaffa trenar Odd Einar Molnes fart i HaNo-angrepet. Trass i mange gode tilbod stoppa det på seks mål. Først knalla banas beste spelar, Asgeir Nogva, eit innlegg frå Jan Egil Ulla i nota. Så avslutta Kenneth Ulla med ei perle av ei skåring. Stig Erik Nogva la presist inn frå venstrekanten og Kenneth druste ballen i nota på heil volley, med høgrefoten! Berre lekkert!

”Ein viktig siger for oss. Vi fekk ein uryddig start, men kjempa oss inn i kampen,” forklarer kaptein ”LP” Haram etter kampslutt. ” Vi lykkast med løpa våre som gjekk på mål denne gongen. Då kom sjansane og skåringane på løpande band. No er vi med i tetstriden for fullt!”

HaNo leverte årsbeste på heimebane. Med litt meir presisjon i pasningane i andre omgong, kunne gjestane fått fleire baklengs. Jan Egil Ulla, Cato Longva og Stig Erik Nogva herja til tider med gjesteforsvaret. Og når innsatsbunten Asgeir Nogva er i storform og i tillegg skårar mål, får dei fleste forsvararar vanskar på venstrekanten.


Gunnar Standal

17/06-09
Av: Kenneth Ulla








































5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: