Revansj og overkĂžyring
|
Endeleg kan vi glÞyme 3-4 tapet frÄ i vÄr. Med solide 7-2 i mÄlprotokollen banka HaNo LepsÞy sÞndag ettermiddag i eit ufyseleg vér. HaNo gjennomfÞrte ein god kamp og imponerte med godt lagarbeid og god innstilling.
|
LepsĂžy-HaNo 2-7 (0-4)
MÄl:
0 - 1 Cato Longva (24)
0 - 2 Per Jarle FjĂžrtoft (28)
0 - 3 Jan Egil Ulla (30)
0 - 4 Ă
ge Flem Ulla (35)
1 - 4 Erling Hawkes (53)
1 - 5 Lars Petter Haram (59)
1 - 6 Jan Egil Ulla (67)
2 - 6 Magnus Seth (85)
2 - 7 Jan Egil Ulla (88)
Dommar: Arild Vegsund, Norborg IL.
Gule kort: Ingen til HaNo.
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Cato Longva
2 poeng: Vegard Halkjelsvik
1 poeng: Asgeir Nogva
HaNo viste frÄ start at tenninga var bra. LepsÞy forsvarte seg likevel godt, og BjÞrnar Seth si redning pÄ ei Michael Austnes-heading var fantastisk etter seks spelte minutt. Marius Eide fekk nokre halvsjansar for heimelaget, men HaNo lÄg kompakt og aggressivt i dei to firarane sine. HaNo angreip frÄ hÞgre og venstre, og bevegelsen var bra.
Fire fĂžr pause
Det var berre snakk om nĂ„r mĂ„la mĂ„tte kome. Cato Longva sendte HaNo i leiinga med eit velplassert skot etter innlegg frĂ„ hĂžgre. Per Jarle FjĂžrtoft headar eit Jan Egil Ulla-innlegg flott i mĂ„l, fĂžr Jan Egil sjĂžlv fint plasserer inn 3-0. Ă
ge Flem Ulla spelte ein kjempekamp pÄ hÞgresida, spesielt defensivt, men blir sikkert best hugsa for 4-0 mÄlet. FrÄ 25 meter sneiar det ein heimespelar, men skotet var knallhardt og godt!
7 mÄl
VÄrkampen lÄg ogsÄ godt an til pause mot LepsÞy. Spelarane var difor sugne pÄ Ä ikkje dette ned i kvalitet. Litt kjedeleg dÄ at Erling Hawkes reduserte Ätte minutt ut i omgangen. Men HaNo reiste seg igjen, og etter kvarteret spelt kom nok eit presist HaNo-hjÞrnespark, denne gong frÄ Vegard Halkjelsvik. Lars Petter Haram headar kontant i mÄl. Flott utfÞrt! Jan Egil blir uforstÄeleg avblÄst rett etter pause, men han fÄr likevel skÄre til 6-1 etter innlegg nummer 200 (for Ä overdrive pittelitt) frÄ Asgeir Nogva pÄ venstrekanten.
HĂžg temperatur
Temperaturen steig midt i omgangen, der LepsĂžy-spelarane blei noko frustrerte med handlingar som ikkje sĂžmer seg pĂ„ ei fotballbane. Dommar Vegsund sĂ„g dessverre ikkje alt, men det er heller ikkje lett for ein einsleg dommar i vĂ„r divisjon bestandig. Det avslutta roleg og sympatisk, med ei skĂ„ring til kvart av laga. Magnus Seth plasserer fint eit frispark til side for ein god Henrik Ă
kre i HaNo-mÄlet. Jan Egil fÄr sitt hattrick med eit glimrande plassert skot i vinkelen til 7-2, som blei sluttresultatet.
juryen med tĂžff jobb
Juryen uttalte at dei fekk ein knalltÞff jobb med Ä plukke ut kven som skulle fÄ stjerner denne gongen. Godt forstÄeleg, for det var ikkje ei blÄ skjorte som ikkje jobba livet av seg og ofra seg for laget i denne kampen. Rett og slett ein triveleg ettermiddag pÄ LepsÞy stadion for dei med kjensler for dei blÄkledde!
HaNo (4-4-2):
Henrik Ă
kre- Kristian KalvĂžy, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Vegard Halkjelsvik- Ă
ge Flem Ulla, Cato Longva, Lars Petter Haram, Asgeir Nogva- Per Jarle FjĂžrtoft, Jan Egil Ulla.
Nytta innbyttarar: Kent Inge Klokk, Demir Haram, Per Kristian Klokk, Odd Einar Molnes.
|