Stortap mot GuLars
Thomas Sætre Hauge gjorde det vanskeleg for HaNo, og passive HaNo-spelarar såg heimelaget skåre fire før pause. Ein betre andreomgang, men 5-2 blei mykje for HaNo som ikkje lenger har opprykksplassen i eigne hender.
Kvalifisering til 4.div:
Gursken/Larsnes -HaNo 5-2 (4-0)
Mål:
1-0 Thomas Sætre Hauge (4)
2-0 Sjølvmål (16)
3-0 Preben Sætre (35)
4-0 Thomas Sætre Hauge (37)
4-1 Kenneth Ulla (53)
4-2 Kenneth Ulla (81)
5-2 Tor Arne Dyrhol (90)
Dommar: Lars Ove Sletta, Langevåg IL.
Gult kort, HaNo: Michael Austnes.
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Kenneth Ulla
2 poeng: Lars Petter Haram
1 poeng: Kristian Kalvøy

HaNo opna godt, og berre ein utespelar si redning på streken hindra Lars Petter Haram å ta HaNo opp i leiing. Gursken/Larsnes (G/L) svara kjapt, og aktive Thomas Sætre Hauge viste seg fram i neste angrep. To minutt etter skåra han, og marerittet starta. Innimellom dei temposterke og livsfarlege heimeangrepa hadde Kenneth Ulla og Michael Austnes store sjansar på nye HaNo-hjørnespark.

Skuffande innsats
2-0 kom i staden, og denne gongen var Hernik Åkre i HaNo-målet svært uheldig på innlegget som kom frå høgre. HaNo svara igjen, med godt skotforsøk frå Kenneth Ulla, og ny stor dødballsjanse, avslutta av Cato Longva rett over. Ballen ville ikkje inn for HaNo, medan 3-0 kom direkte frå hjørnespark der HaNo burde rydda vekk. Verre skulle det bli, og med 4-0 etter nytt Hauge-raid avslutta HaNo ein svært tafatt omgang. Skuffande å sjå kor lite ein prøvde å heve seg i motgang, men i staden lot heimelaget herje vidare på.

Betre etter pause
HaNo gjorde ein del rokkeringar etter kvilen. Alle innbyttarane kom inn, og laget heva seg heldigvis ein del. Duellvilje og innsats kom seg. Kenneth Ulla skåra direkte frå frispark frå 30 meter, etter god forstyrring i feltet. Heimelaget roa ned, og HaNo kjempa seg meir inn i oppgjeret. Ulla reduserte ytterlegare ti minutt før slutt, og tente eit ørlite håp. Men HaNo kom seg aldri nærmare, og i staden fekk vi 5-2 ved kaptein Dyrhol rett før slutt.

Dramatisk avslutningsrunde
Tjørvåg-MSIL enda mållaust, medan Ellingsøy-Skodje blir spelt tysdag kveld. G/L har 9 poeng, og skal rote det svært til borte mot MSIL for ikkje å bli mellom dei tre beste. HaNo må slå Ellingsøy, og også ha noko hjelp frå andre lag for å sikre seg plass til 4.divisjon sesongen 2010.

HaNo (4-4-2):
Henrik Åkre- Vegard Halkjelsvik, Michael Austnes, Per Kristian Klokk, Vebjørn Steen - Åge Flem Ulla, Cato Longva, Lars Petter Haram, Asgeir Nogva- Kenneth Ulla, Jan Egil Ulla.

Nytta innbyttarar: Kristian Kalvøy, Per Jarle Fjørtoft, Kent Inge Klokk.

25/10-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: