Tap mot Vartdal
Herrelaget gikk på et 4-0 tap borte mot Vartdal.
Vartdal gikk opp til 1-0 rett før pause, og gikk raskt opp i 3-0 ledelse etter hvilen.
Tidleg ferie for HaNo
4.div, Remane stadion:
Vartdal-HaNo 4-0 (1-0)
Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal.
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Preben Lorgen
2 poeng: Alf KÃ¥re Longva
1 poeng: Stig Erik Nogva

- Vi hadde trykket første tjue minutta, men gav frå oss litt av initiativet. Då Vartdal fekk 1-0 rett før pause, knakk vi dessverre saman. Slik oppsummerte Richard Hansen kampen som HaNo var skuffa over å ha tapt.

Av Odd Einar Molnes

For no er HaNo planta i botnstriden, medan Vartdal gjekk tre poeng framom. – Vi presterte dessverre årsverste. Samhandlinga verken offensivt eller defensivt hang i hop dei siste 70 minutta, sa Hansen, som har vore ein del av ein spelande trenartrio. No går ferda til militæret, og Stig Frode Longva og Lars Petter Haram skal styre skuta i haust. Den skuta tek no ferie, og dei tre siste kampane har vore laber kost og 3-16 i målskilnad. Stranda og Herd var gode, medan Vartdal absolutt burde vore eit lag HaNo skal vere på høgde med.

God start
Det begynte bra, spesielt på venstresida, men det blei ingen store målsjansar ut av det. Stig Frode Longva sitt skot gjekk over, og var i grunn einaste store målsjansen HaNo hadde. Men forsvaret rydda godt, og det såg verkeleg lovande ut i starten. Dommar Aam bevilga drikkepause midt i omgangen, og då skjedde det dessverre ei forvandling. HaNo mista trykket, Vartdal kom meir med utover, og fekk leiarmålet i siste speleminutt før pause. Ove Otterlei, den sjette målvakta HaNo har nytta i serien i år, hadde ingen sjanse å avverge.

Fleire reiser
2-0 kom etter berre to minutt av den andre omgangen. Audun Steen fekk ikkje eit innkast han skulle ha, og situsjonen førte til innlegg, fleire tapte duellar og skåring til heimelaget. HaNo greidde aldri å heve seg, og ballen var sjeldan meir i laget enn to trekk. 3 og 4-0 kom også etter at Vartdal fekk køyre overgangar mot eit HaNo-lag som mista ballen alt for lett. Etter øyacup blir det fotballferie. Då bør ikkje HaNo ligge på latsida. Fleire spelarar forsvinn langt av stad i jobb, skule eller militæret. Fleire unge må dermed opp å ta ansvar, og kanskje må også nokre gamlekarar børste av skoa? Men vårsesongen oppsummert så skal ein ikkje svartmale situasjonen. 12 poeng er langt meir plukka enn mange av førehandstipsa!

HaNo (4-4-2)
Ove Otterlei- Preben Lorgen, Michael Austnes, Audun Steen, Richard Hansen- Cato Longva, Lars Petter Haram, Alf KÃ¥re Longva, Asgeir Nogva- Stig Frode Longva, Alexander Eide.

Nytta innbyttarar: Vebjørn Steen, Odd Einar Molnes, Stig Erik Nogva, Jonas Longva, Vegard Halkjelsvik

03/07-08
Av: Kenneth Hansen







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: