Oppmodar klubbar om å engasjere seg!
HaNo har i likheit med fleire klubbar som spelar i 5. divisjon, sett spørsmålsteikn ved Sunnmøre fotballkrets (SFK) sitt oppsett av 5. divisjon sesongen 2010. Trass i saklege og godt utgreidde henvendingar frå mellom andre Emblem IL, så er det lite og hente frå kretskontoret i Ålesund. Vi oppmodar herved enkeltklubbar om å henvende seg til SFK, og vise engasjement for at det skal bli to avdelingar i 2010.
HaNo har vore i kontakt med mange klubbar dei siste dagane, og spesielt laga i gruppe 1 er i mot det opphavelege oppsettet slik det kom torsdag. Såvidt hanofk.no kjenner til, har heller ikkje Ravn og Harøy noko imot at det blir to avdelingar og dermed fleire kampar.

Emblem IL har laga eit sakleg og flott skriv til SFK, som dei av ein eller annan grunn MÅTTE levere til SFK i løpet av helga. Her skisserer ein ulike alternativ, men med eit soleklart ønskje om to avdelingar á 11 eller 12 lag. Slik sett hadde:
1. Det beste sportslege tilbodet blitt ivaretatt for dei aller fleste klubbar, SOM ØNSKJER Å NYTTE FOTBALLSESONGEN TIL Å SPELE KAMPAR, meir enn 15 i talet mot dei same motstandarane.
2. Premissane for sesongen 2011, der ein sannsynlegvis må attende til 6. divisjon, blir ekstremt mykje enklare.

Det mest sjokkerande er likevel måten Sunnøre fotballkrets handterer denne saka på. Dei veit utmerket godt kor mykje dette oppsettet engasjerer rundt omkring. Kvifor ikkje ta klubbane med på råd FØR dei kjem med oppsettet? Ingen skjønar kvifor dei tviheld på argumentet for at det MÅ vere 3 avdelingar, slik det blei bestemt på Kretstinget i 2008. Formuleringa var med den gongen sitt antall lag (om lag 30), men med 23 lag no må dette vere det enklaste i verda å gjere noko med. Men det er det altså ikkje vilje til.

Det SFK har gjort i etterkant av henvendingane før og etter helga, er å sende ut eit spørjeskjema til klubbane i avdeling 1 og 2, og spurt om laga vil at eitt lag skal over til gruppe 2 (HaNo si gruppe) for å utjamne avdelingsantallet. Men dei har ikkje med om to avdelingar er eit alternativ på dette skjemaet. Det synest klubbar som HaNo og Emblem er svært arrogant, og vil oppmode også andre klubbar om å ta kontakt med SFK og vise sitt engasjement til fordel for to avdelingar.

02/02-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: