HaNo vil ha to avdelingar
Sunnmørsposten set i fredagsavisa fokus på 5. div-oppsettet, og måten Sunnmøre fotballkrets (SFK) arbeider på i slike saker. SFK har ikkje gjort noko med tilbakemeldinga dei fekk med Emblem i helga, og HaNo vil i lag med fleire klubbar prøve å finne ut kva som skal til for at 5. divisjon skal spelast med to avdelingar i staden for tre.
Emblem IL har gjort SFK merksam på at mange klubbar gjerne vil ha gjort om avdelingsoppsettet til to avdelingar. Hanofk.no har i tidlegare saker grunngitt kvifor vi er eining i dette. SFK responderte på dette med å sende ut tre spørsmål til klubbane, men ingen av desse spørsmåla omhandla to avdelingar.

Leiar i HaNo, Kenneth Hansen, er klar på at HaNo ikkje har tenkt å avslutte arbeidet med å arbeide for to avdelingar. – Det verkar som om eit ekstraordinært Kretsting er einaste vegen å gå for å få det til. Men i tillegg til å påpeike det i spørjeskjemaet til SFK, har vi i ein epost bedt SFK om å tolke Kretstingvedtaket frå 2008 på den måten at ”med dagens lagsgrunnlag” (23 lag), så er det fullt mogleg å løyse dette utan eit ekstraordinært Kretsting no i vår, fortel Hansen.

For å få til eit ekstraordinært Kretsting, må 24 klubbar på Sunnmøre (1/3 av alle klubbar i kretsen) sende eit underskrive krav til SFK om at så skal skje. hanofk.no veit at klubbar som HaNo, Emblem, Aksla, Stordal og Hovdebygda er interessert i dette.


05/02-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: