...Og her er HaNo si avdeling
|
Med Kretstingvedtaket måndag skal altså HaNo endeleg spele fleire kampar igjen. Sunnmørsposten meiner å vite avdelingsoppsettet allereie. I dagens avis viser dei til dette oppsettet.
|
Avdeling 1:
Stordal, Emblem, Aksla, Stranda 2, Hessa, HaNo, MSIL, Harøy, Ravn, Lepsøy, Giske, Brattvåg 2.
Avdeling 2:
Tjørvåg, Bergsøy 2, Åheim, Hareid 2, Hasundgot, Haddal, Kvamsøy, Gjerdsvika, Sunnylven, Hovdebygda, Sæbø.
Det vil seie 22 kampar i HaNo si avdeling, og 20 kampar i avdeling 2.
Sunnylven blir godt kjend med Nordangsdalen og Eiksundsambandet, og spelar i avdelinga som utgjer laga i den søre delen av kretsen. Alle fire laga frå Ålesund og Sula spelar i nordre avdeling.
For HaNo sin del blir den lengste turen til Stranda og møtet med deira 2.lag. Elles 10 andre bortekampar der anten ei ferje eller båt er alternativet.
(For meir informasjon om det Ekstrardinære Kretstinget måndag 1. mars, så kan du lese litt meir i eit innlegg på herrelaget sin blogg her .)
|