Vann i tamt lokaloppgjer
HaNo-Lepsøy 4-3. Det har begynt og vårast noko, men vi er ganske sikre på at temperaturen stig svært mange hakk til neste gong HaNo og Lepsøy møtest. Nemlig i seriestarten 14. april.
06.03.10, Uggedalen stadion.
Kampfakta:
HaNo-Lepsøy 4-3 (2-2)
Mål:
0-1 Johan Klokk Kjerstad (1)
1-1 Stig Frode Longva (16)
2-1 Vegard Halkjelsvik (22)
2-2 Bård Daniel Gratfås (43)
3-2 Michael Austnes (65)
3-3 Martin Farstad (71)
4-3 Cato Longva (80)
Dommar: Arild Vegsund, Norborg.

Kampar blir avlyst på heile Sunnmøre, til og med Herdbana med undervarme, men i Uggedalen hadde dei rydda vekk snøen, og spesielt i andre omgang var forholda gode. Lepsøy stilte sporty opp på kort varsel til kamp, etter at Godøy trakk seg dagen før grunna mannskapsmangel.

Lepsøy takka for invitasjonen med å skåre etter 15 sekund! Unge Johan K. Kjerstad skåra på gjennomløp der HaNo-forsvaret ikkje hang med, og målvakt Henrik glei i det han skulle rykke ut. To Vegard Halkjelsvik-dødballar skulle gi HaNo-leiinga tilbake. 1-1 nikka Stig Frode Longva inn, medan 2-1 ikkje var innom andre enn LIL-målvakta, og Vegard får kreditert den skåringa. Før pause var HaNo best i midtdelen av omgangen med både godt kantspel, og i nokre høve gode angrep etter kontringar/brot. Lepsøy avslutta omgangen best, og Bård Daniel Graftås med langskot utlikna før pause.

Positiv andre omgang
HaNo sendte Michael Austnes i angrep etter at ein frisk Stig Frode Longva ga seg, og i lag med Cato Longva skapte Austnes ein del på topp. Michael heada inn 3-2 leiing i ein andre omgang der HaNo var hakket betre enn Lepsøy. Martin Farstad med dagens skåring til 3-3 med ein vakker lobb over debutant Sindre Longva som debuterte i HaNo-trøya. Og på 3-3 hadde Daniel Olsbø ein gigasjanse, men brente den over. Cato Longva sette inn 4-3 på flott vis etter at HaNo førte siste del av kampen. Mads Uri debuterte også for HaNo med god innsats på høgrekanten.

HaNo (4-4-2):
Henrik Åkre- Demir Haram, Michael Austnes, Per Kristian Klokk, Eivind Fugledal - Odd Einar Molnes, Åge Flem Ulla, Lars Petter Haram, Vegard Halkjelsvik – Stig Frode Longva, Cato Longva.

Nytta innbyttarar: Mads Uri, Steven Haram, Sindre Longva, Lars Åkre.


07/03-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: